Revidert nasjonalbudsjett

Sjukehusa blir kompenserte for tapte aktivitetsbaserte inntekter

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Regjeringa føreslår i revidert nasjonalbudsjett å kompensere sjukehusa med 700 millionar kroner. Årsaka er bortfall av aktivitetsbaserte inntekter i ordninga med innsatsstyrt finansiering.

Pandemien har i 2022 ført til høgt sjukefråvær, høgare beredskapsnivå i fleire helseføretak og lågare aktivitet på nokre område.

Lågare aktivitet i sjukehusa enn det ein la opp til i budsjettet for 2022, har ført til  lågare aktivitetsbaserte inntekter frå innsatsstyrt finansiering. Samtidig har sjukehusa hatt like høge kostnader som før.

– I januar sa regjeringa at vi som følge av pandemien vil følge utviklinga i sjukehusa sine inntekter og utgifter, og ved behov fremme forslag om å auke bevillingar. No kompenserer vi derfor sjukehusa for tapte aktivitetsbaserte inntekter med 700 millionar kroner, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.

Foreløpige aktivitetstal

Om lag 600 millionar kroner er baserte på foreløpige aktivitetstal for januar og februar. I tillegg blir sjukehusa kompenserte for nokre av dei anslåtte tapte aktivitetsbaserte inntektene i mars og april.

Dei regionale helseføretaka fekk i føretaksmøtet 8. april i oppdrag å legge regjeringa sin oppdaterte strategi og beredskapsplan for vidare handtering av covid-19-pandemien til grunn. Det vil seie normal drift frå mai månad.