Statsbudsjettet 2023

Skal spare norske bedrifter for 11 milliardar – styrker Brønnøysundregisteras forenklingsarbeid

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Regjeringa gjer framlegg om 30 millionar kroner til oppstart av eit eige prosjekt for brukarvennlege registertenester i Brønnøysundregistera. I tillegg gjer regjeringa framlegg om å auke løyvinga til informasjonstrygging med 30 millionar kroner.

– Eg er opptatt av at det skal vere enkelt for innbyggarane og næringslivet å bruke offentlege tenester. Derfor foreslår vi å løyve 30 millionar kroner til å starte opp første del av prosjektet Brukarvennlege Registertenester. At denne type innovative prosjekt blir utvikla i Brønnøysundregistra, gjer at vi får brukt kompetansen som allereie er der, seier næringsminister Jan Christian Vestre.

Regjeringa har sett eit mål om å redusere kostnadene for næringslivet knytt til pålagde reglar og innrapporteringsplikter med 11 milliardar kroner innan 2025. I første del av prosjektet Brukarvennlege Registertenester skal det utviklast betre løysingar for å rapportere inn og gjere tilgjengeleg informasjon frå den nye registerplattforma i Brønnøysundregistera.

Auka informasjonstrygging i registera

Regjeringa gjer framlegg om å auke løyvinga til drift i Brønnøysundregistra med 30 millionar kroner i 2023. Midla skal i hovudsak føre til auka informasjonstrygging.

– Eit skjerpa digitalt risikobilde aukar krava til informasjonstrygging. Ei auka satsing på å sikre viktige data i Brønnøysundregistra gjer etaten mindre sårbar for digitale trugslar. I tillegg sikrar vi framtidig drift av Brønnøysundregistera, og bidrar dermed til arbeidsplassar og verdiskaping lokalt i regionen, seier næringsminister Jan Christian Vestre.