Solberg møter religiøse leiarar i Indonesia

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Auka radikalisering og valdeleg ekstremisme danna bakteppet for statsminister Erna Solberg sitt besøk til Søraust-Asias største moské i Jakarta 15. april.

Religiøs toleranse var derfor eit viktig tema under statsministerens møte med religiøse leiarar i verdas største muslimske stat i verdas tredje største moské – Istiqlal-moskeen.

- Religiøs toleranse står sentralt for å motverke ekstremistiske og radikaliserande krefter. Behovet for religiøs toleranse er særs viktig i ei tid der vi nyleg har sett avskyelege hendingar i Europa, Afrika og Asia, seier statsminister Erna Solberg.

Siktemålet med besøket var mellom anna å vise støtte til moderate muslimars arbeid for religiøs toleranse, og å diskutere religiøs toleranse med religiøse leiarar frå muslimske og kristne organisasjonar i Indonesia.

- Diskusjonane med dei religiøse leiarane dreia seg om kva tiltak som kan bidra til å motverke religiøs intoleranse og ekstremisme nasjonalt og internasjonalt, seier Solberg.

Statsminister Erna Solberg fekk omvising i verdas tredje største moské - Istiqlal-moskeen i Jakarta. Moskeen er teikna av ein kristen arkitekt og lokalisert i nærleiken av ei kyrkje og ein katedral. Den er i så måte eit godt symbol på religiøs toleranse. Foto: Øystein L. Andersen/Ambassaden i Jakarta