Spelemidlar til kulturformål 2024: for fyrste gong over ein milliard kroner

1 047 millionar kroner frå overskotet til Norsk Tipping blir fordelt til kulturformål i heile landet i 2024.

– Vi satsar på barn og unge i fordelinga av spelemidlane. Vi ønsker at alle barn og unge skal finne fritidsaktivitetar dei likar og ha moglegheit til å delta. Eg er glad for at regjeringa bidreg til dette, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

Regjeringa har nyleg lagt fram Alle inkludert! ein handlingsplan for å delta i kultur-, idretts- og friluftslivsaktiviteter og legg snart fram ein strategi for leselyst. Strategiane speler inn på fordelinga av spelemidlane.

Nokre av satsingane i årets fordeling:

  • 20 millionar kroner meir til Den kulturelle skolesekken
  • 20 millionar kroner meir til Frifond-ordningane
  • 15 millionar kroner til leselyst og litteratur
  • nær 9 millionar kroner meir til Kulturrom (teknisk utstyr og lokale)
  • over 5 millionar kroner meir til nasjonale musikkorganisasjonar
  • 3,5 millionar kroner meir til tilskotsordning for korps og orkester
  • 2,7 millionar kroner meir til arkivtiltak
  • 1,5 millionar kroner meir til museumstiltak (faglege nettverk)

Totalt går 7,1 milliardar kroner frå overskotet til Norsk Tipping til  idrett, kultur og frivilligheit.

I 2024 blir det fordelt 1 047 millionar kroner til kulturformål frå overskotet til Norsk Tipping. Dette er ein auke på 81 millionar kroner frå i fjor:

Tiltak – kulturformål

Fordeling 2024 (kroner)

Den kulturelle skolesekken

     350 000 000

Frifond

     210 000 000

Regionale kulturbygg – desentralisert ordning

       86 250 000

Kulturrom

       65 000 000

Bibliotektiltak

       54 700 000

Nasjonale musikkorganisasjonar

       32 100 000

Amatørteatertiltak

       31 600 000

Museumstiltak

       27 250 000

Instrumentfondet

       20 000 000

Leselyststrategi og litteratur

       15 300 000

Tilskot til barne- og ungdomstiltak

       15 265 000

Arkivtiltak

       15 000 000

UKM – Ung Kultur Møtes

       14 350 000

Ungdom og Fritid

       13 800 000

Inkludering i kulturliv

       13 000 000

Aktivitetsmidlar for kor

       12 700 000

Scenekunsttiltak

       10 000 000

Tilskotsordning for korps og orkester

       10 000 000

Folkeakademienes Landsforbund

         9 370 000

Krafttak for sang

         8 610 000

Kulturstøtta

         4 280 000

Ordningar for kordirigentar

         3 450 000

Norske kirkeakademier

         2 300 000

Tiltak ism. kulturfrivilligheitsstrategi

         1 500 000

Midlar til fordeling seinare i 2024

       21 258 000

Totalt

  1 047 083 000