Startar arbeidet med stortingsmelding om levekår i byar og byområde

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

– Det skal vere godt å bu og vakse opp i alle lokalsamfunn i Noreg. For å betre levekåra i byar og byområde med særskilte utfordringar, må stat og kommune samarbeide. Vi vil no gå gjennom korleis vi jobbar saman for å forebygge utanforskap og sosiale utfordringar, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).                                                                                                                                                    No startar statsråden arbeidet med ei melding til Stortinget om levekår i byar og byområde. Meldinga vil greie ut om korleis staten arbeider for betre levekår i utsette byområde , og foreslå korleis stat og kommune i samarbeid kan gjere det framover. Arbeids- og inkluderingsdepartementet er ei viktig samarbeidspart i arbeidet med meldinga.

– Fleire barn veks opp i fattige familiar, noko som kan skape utanforskap og sosiale utfordringar. I meldinga vil vi ta for oss korleis vi kan forebygge for dei som opplever krevjande oppvekstvilkår. For meg er det viktig at ulike område som opplever levekårsutfordringar kan tilby tenester som er tilpassa lokale behov og at dei utviklar nærmiljøa der det er godt å bu og vekse opp, seier Gjelsvik.

– Utanforskap og sosiale utfordringar har i mange tilfelle si årsak i manglande tilknyting til arbeidslivet eller låg inntekt, seier arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen. — Vi veit at mange av dei som bur i område i byar med dårlegare levekår, oftare har innvandrarbakgrunn. God integrering og full deltaking i jobb og samfunnet elles, er sentralt for å forhindre at barn og unge veks opp med dårlege levekår. Integreringspolitikk og innsats mot dårlege levekår følgjer hand i hand.

Meldinga vil gjere greie for erfaringar frå arbeidet med områdesatsingane, som er med på å løfte bu- og oppvekstmiljøa i byane. Eit anna tema i meldinga vil vere korleis kunnskap om levekår i byar og effektar av tiltak kan bli delt mellom kommunar. Meldinga skal etter planen bli lagt fram for Stortinget våren 2023.

Eit sentralt kunnskapsgrunnlag for arbeidet med meldinga vil være NOU 2020: 16 Levekår i byer – gode lokalsamfunn for alle, som omhandlar levekårs- og integreringsutfordringar i område i og rundt dei store byane i Noreg.

I slutten av november arrangerer Kommunal- og distriktsdepartementet, i samarbeid med Husbanken og Stavanger kommune, ein nasjonal erfaringskonferanse i Stavanger om områdesatsingar. Konferansen er ein møteplass for dei som arbeider med områdesatsingar i kommunane og andre som vil lære av arbeidet.

– Områdesatsingane skal skape trygge bumiljø, gode uteområde og møteplassar for alle. Satsingane er breie og skal stimulere til frivilligheit, og forebygge utanforskap og kriminalitet. Barn og unge er ei viktig målgruppe i satsingane, seier Gjelsvik. 

– Vi håper mellom anna denne konferansen vil gje oss viktige innspel til meldinga, seier Gjelsvik.

Staten har i dag eit samarbeid om områdesatsingar med Oslo, Bergen, Stavanger, Drammen og Trondheim. Regjeringa foreslår i tillegg å sette av 15 millionar kroner i 2023 til nye samarbeidsavtaler om områdesatsingar i nye byar.

For meir informasjon om den nasjonale erfaringskonferansen i Stavanger 28. og 29. november 2022, sjå www.husbanken.no

 

Kommunal- og distriktsdepartementets pressetelefon: 22 24 25 00