Statlege midlar til reduserte bompengar kan nyttast til betre kollektivtransport

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

– For å få passasjerane tilbake etter pandemien, må vi gjere det meir attraktivt å velje kollektivtransport framfor bil, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård. Regjeringa opnar derfor opp for meir fleksibel bruk av tilskotsmidlar i byvekstavtalane. Samstundes skal bruksfordelar for elbilar i by vurderast. – Dei grepa vi no tek kan styrke konkurransekrafta og finansieringsgrunnlaget til kollektivtransporten, seier Nygård.

I dei fire største byområda (Oslo, Bergen, Trondheim, Nord-Jæren) dekkjer staten inntil 50 prosent av store fylkeskommunale kollektivtransportprosjekt. I 2020 vart dette bidraget auka til 66 prosent. Halvparten av denne tilskotsauken, var øyremerkt reduserte bompengar.

– Vi tek bort pålegget om å bruke halvparten av tilskotet på lågare bompengar og opnar for at ein lokalt kan velje å bruke heile tilskotet på betre kollektivtransport, seier Nygård.

Det statlege tilskotet som kompenserer for fjerning av rushtidsavgiften i bomringen på Nord-Jæren kan også nyttast til betre kollektivtransport, dersom ein lokalt ønskjer det.

Fordelane ved bruk av elbilar i byane kan ha medverka til at fleire vel bilen framfor kollektivtransport, eller sykling og gonge. Statens vegvesen skal no vurdere bruksfordelane for elbilar i og nær byområda.

– Den norske elbilsatsinga er ein grøn suksess som har inspirert andre land. Sjølv om vi ønskjer at elbilar tek over for fossilbilane, må vi sjå nærare på om vi kan innrette nokre av bruksfordelane vi har gitt elbilen betre. Elbilen er det beste alternativet om ein skal køyre bil, men vi må legge til rette for å velje kollektiv, sykle og gå, som er dei beste og grønaste alternativa i byane, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.