Statsministerens program veke 16
Pressemelding | Nr: 73/22 | Dato: 19.04.2022 | Statsministerens kontor
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Onsdag 20. april
Kl. 12.00: Statsminister Jonas Gahr Støre og kunnskapsminister Tonje Brenna inviterer til pressekonferanse for barn. Tema er krigen i Ukraina og ukrainske flyktningar som kjem til Noreg. Pressekonferansen er for journalistar i barne-media og ikkje open for journalistar frå vaksen-media. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar.
Pressekontakt for statsministeren er statssekretær Siri Storstein Hytten, telefon 48 11 45 14, e-post ssh@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no.
Pressekontakt for kunnskapsministeren er kommunikasjonsrådgivar Martin B. Andersson, telefon 99 36 31 18, e-post maan@kd.dep.no.
Kl. 13.00: 21. april er det 50 år sidan avkriminaliseringa av homofili i Noreg. For å markere dette, har statsminister Jonas Gahr Støre og kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen invitert veteranar frå homorøyrsla, FRI og fleire andre representantar frå dei skeive miljøa til eit møte. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar.
Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Siri Storstein Hytten, telefon 48 11 45 14, e-post ssh@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 97 53 09 48, e-post ano@smk.dep.no.
Pressekontakt for kultur- og likestillingsministeren er kommunikasjonsrådgivar Ingvill Tandstad, telefon 99 38 50 81, e-post ingvill.tandstad@kud.dep.no.
Fredag 22. april
Kl. 12.15-14.15: Statsminister Jonas Gahr Støre inviterer til toppleiarmøte i samband med regjeringas arbeid med ein nasjonal batteristrategi. Batteri er ein av seks pilarar i regjeringas grøne industriløft. Fleire statsrådar deltek også på møtet.
Det er høve til å fotografere når møtet startar. Oppmøte seinast kl. 11.45 på Statsministerens kontor. Ta med gyldig pressekort og ID. Påmelding til smkinfo@smk.dep.no.
Kl. 14.15: Statsministeren og næringsministeren møter pressa etter toppmøtet om grøn industriutvikling. Stad: Foajeen på Statsministerens kontor. Oppmøte seinast kl. 13.45. Påmelding til smkinfo@smk.dep.no.
Pressekontaktar er statssekretær Tale Benedikte Jordbakke, telefon 97 65 14 57, e-post tjo@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no.
Søndag 24. april
Kl. 09.00: Statsministeren taler på årsmøtet til Nasjonal støttegruppe etter 22. juli. Stad: Clarion Hotel Oslo, Bjørvika. Pressa kan vere til stades under opninga. Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no.