Revidert nasjonalbudsjett

Styrkar arbeidet for menneskerettar og demokratisk medborgarskap

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Regjeringa vil styrke Narviksenteret og Falstadsenteret med til saman 2,4 millionar kroner, slik at dei kan utvikle seg og betre undervisingsopplegget til elevar, og tilbodet til innbyggarane elles. Regjeringa foreslår òg midlar til støttegruppa etter 22. juli, og ein eingongsstønad til Kvite Bussar og Aktive Fredsreiser som kompensasjon etter koronapandemien.

– Vi er i ei uroleg tid, og no er det viktigare enn før å styrke arbeidet med demokrati og medborgarskap. Vi må arbeide for samhald på tvers av kva ein trur på og kvar ein bur, seier kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap).

Falstadsenteret utanfor Levanger i Trøndelag var fangeleir for politiske fangar under 2. verdskrigen. Meir enn 4 200 fangar sat i fangenskap der under krigen. Regjeringa foreslår å løyve 1,4 millionar kroner til senteret for å styrke senteret sin kapasitet og kompetanse til undervising av skuleelevar i menneskerettar og demokratisk medborgarskap (Dembra). Midlane vil gjere det mogleg å ta imot det auka talet på skuleklasser som ønsker å vitje senteret.

Regjeringa foreslår òg 1 million kroner til Narviksenteret for å fullføre utviklinga av eit digitalt register over norske soldatar som deltok i kampar i Noreg våren 1940. Rundt 25 000 norske soldatar deltok i aktiv teneste under angrepet på Noreg. Om lag 10 000 av dei deltok i Nord-Noreg.

Soldatregisteret skal brukast i pedagogiske opplegg i skulen, og publikum skal kunne bidra med personskildringar og bilete.

– Eg er glad for at vi kan bidra til eit register som skal auke kunnskap om, og heidre minnet til, norske soldatar som kjempa for landet, slik at publikum kan lære om denne innsatsen, seier Brenna.

Foreslår 4,3 millionar kroner til støttegruppa etter 22. juli og 22. juli-senteret

Arbeidet til den nasjonale støttegruppa etter 22. juli har i all hovudsak vore utført av frivillige personar i styret, og har vore avhengig av aktive eldsjeler. No foreslår regjeringa 2 millionar kroner til den nasjonale støttegruppa etter 22. juli.

– Profesjonalisering av støttegruppa vil bidra til å forsterke arbeidet mot konspirasjonsteoriar og ekstremisme. Den nasjonale støttegruppa har gjennom ti år opparbeidd kompetanse på område der samfunnet har mangla erfaring, og er ein viktig ressurs for korleis samfunnet bør reagere i møte med framtidige katastrofar og terrorangrep, seier Brenna.

Profesjonalisering av støttegruppa vil òg gi kapasitet og ressursar i møte med norske styresmakter, og på vegner av Noreg i møte med internasjonale aktørar der støttegruppa allereie gjer ein jobb i dag.

I tillegg foreslår regjeringa ei eingongsløyving på 2,3 millionar kroner for å styrke dei digitale plattformene til 22. juli-senteret.

– Ei av kjerneoppgåvene til 22. juli-senteret er å formidla årsaka til og konsekvensane av terrorangrepet for skuleklassar og allmennheten i heile Noreg. Eg er glad for at det er høg etterspurnad frå skuleklassar som ønsker å besøke senteret. Med desse midlane bidreg vi mellom anna til ei digital plattform og eit nytt reservasjonssystem for skuleklassar, seier Brenna.

Koronastøtte til Kvite Bussar og Aktive Fredsreiser

Aktiviteten til Kvite Bussar og Aktive Fredsreiser har vore hardt ramma av pandemien. Samstundes har dei vore på utsida av den generelle kompensasjonsordninga for næringslivet, sidan dei er ideelle organisasjonar. No foreslår regjeringa ein eingongsstønad på 2 millionar kroner til kvar av dei.

– Sjølv om Kvite Bussar og Aktive Fredsreiser har fått støtte frå andre ordningar, har ikkje dette vore nok, slår Brenna fast.