Svar på spørsmål om Aleksej Navalnyj

Utanriksminister Espen Barth Eide sitt svar på eit spørsmål frå Ine Eriksen Søreide (H) om Aleksej Navalnyj helsetilstand og situasjon.

Skriftleg spørsmål nr. 685 (2023-2024)
Datert 13.12.2003

Frå representanten Ine Eriksen Søreide (H) til utanriksministeren:

Har Utenriksdepartementet informasjon om hvor Aleksej Navalnyj nå kan befinne seg, og evt. kjennskap til annen relevant informasjon om Navalnyjs helsetilstand og situasjon?

Svaret frå utanriksministeren:

Norske styresmakter er kjende med at Aleksej Navalnyj skal ha blitt flytta frå straffekoloni IK-6 i Melekhovo i Vladimir-regionen 11. desember. Advokatane skal sist ha vore i kontakt med han 6. desember. Eg er òg kjend med at ei rekkje rettsmøte der Aleksej Navalnyj var forventa å delta, har blitt utsett dei siste dagane.

Eg ser svært alvorleg på at Aleksej Navalnyj ikkje får tilgang til advokatane sine og at det framleis er uklart kvar han er.

Noreg har lenge vore bekymra for Aleksej Navalnyjs helsetilstand og soningsforhold. Norske styresmakter har fleire gonger oppmoda russiske styresmakter til å lauslate Aleksej Navalnyj og oppheve den politiske motiverte dommen mot han. Noreg formidla djup bekymring då Aleksej Navalnyj blei dømd til 19 år til i fengsel i august i år.

Ambassaden vår i Moskva og generalkonsulatet vårt i St. Petersburg følgjer utviklinga i saka tett.

Forfølginga til det russiske regimet, fengsling og behandling av Aleksej Navalnyj demonstrerer kva verkemiddel russiske styresmakter er villige til å ta i bruk for å undertrykkje landets opposisjonelle og dei som kjem med kritiske meningar.

Russiske styresmakter må gi Aleksej Navalnyj tilgang til advokatar og informere om kvar han er.

Menneskerettssituasjonen i Russland er urovekkjande og har forverra seg kraftig sidan Russlands fullskala angrep på Ukraina.

Eg vil halde fram med å setje menneskerettssituasjonen i Russland, inkludert situasjonen for Aleksej Navalnyj og andre politiske fangar, på dagsordenen i internasjonale organisasjonar og andre eigna fora.