Svar på spørsmål om Den internasjonale straffedomstolen og konflikten mellom Israel og Hamas

Utanriksminister Espen Barth Eide sitt svar på eit spørsmål frå Andreas Sjalg Unneland (SV) om korleis Noreg støttar opp om Den internasjonale straffedomstolen i konflikten mellom Israel og Hamas.

Skriftleg spørsmål nr. 1000 (2023-2024)
Datert 22.01.23

Frå representanten Andreas Sjalg Unneland (SV) til utanriksministeren:

Hvordan støtter Norge opp om den internasjonale straffedomstolen (ICC) slik at den kan etterforske, kartlegge og holde partene i konflikten mellom Palestina og Israel ansvarlige for sine krigsforbrytelser?

Utanriksministerens svar:

Noreg har vore ein sterk støttespelar for ICC sidan skipinga. I dei årlege budsjettforhandlingane arbeider Noreg for at domstolen skal ha tilstrekkelege ressursar til å utføre oppgåvene sine, men også fleksibilitet til å handtere løpande utvikling. I lys av det konfliktane vi no står overfor, arbeidet Noreg for at budsjettet for 2024 burde aukast.

Noreg meiner at domstolen i utgangspunktet bør finansierast gjennom det regulære budsjettet, og ikkje vere avhengig av ad «hoc-bidrag» i samband med konkrete situasjonar.

Noreg sekonderte i fjor to etterforskarar til ICC, som framleis jobbar der. Etterforskarane er ikkje øyremerkte for arbeid med konkrete situasjonar.

Det er heilt avgjerande for ICCs legitimitet at hovudklagar sjølv får prioritere korleis han gjennomfører etterforskingane sine. Det er derfor ikkje aktuelt med norske tiltak som kan oppfattast som å leggje avgrensingar på ICCs sjølvstende. Noreg bør heller halde fram med å jobbe for at domstolen har tilstrekkelege ressursar til å utføre mandatet sitt. 

Dersom vi får ein konkret førespurnad frå ICC, vil Justisministeren, i samarbeid med Politidirektoratet og Riksadvokaten, vurdere han. Eventuell støtte må henge saman med ICC sine vurderingar av eige behov. Noreg kan og bør derfor ikkje einsidig vedta slik støtte, men vil ha dialog med ICC om dette.