Svar på spørsmål om innføringa av EU sin «Rein energipakke»

Utanriksminister Espen Barth Eides svar på eit spørsmål frå Guri Melby (V) om regjeringa vil jobbe for at «Rein energipakken» blir innført raskt i Noreg.

Skriftleg spørsmål nr. 355 (2023-2024)
Datert 7.11.2023

Frå representanten Guri Melby (V) til utanriksministeren:

I lys av Høyesterettsdommen som stadfester at Stortinget var godt innenfor Grunnloven da Norge sluttet seg til EUs tredje energimarkedspakke og energibyrået ACER: vil regjeringen jobbe for at Ren energipakken, også kalt fjerde energimarkedspakke, innføres raskt i Norge?

Svaret frå utanriksministeren:

Det blir vist til svar på spørsmål nr. 314 om innføring av Ren energipakken.

Noreg er ein stor energinasjon, og kraftmarknaden vår har i fleire tiår vore ein del av ein fellesnordisk marknad. Kraftmarknaden Noreg har bidrege til å utvikle i Norden har tent norsk industri og norske arbeidsplassar vel sidan byrjinga, og har vidare fungert som modell for utvikling av det europeiske kraftsamarbeidet. Vi har eit tett samarbeid med EU på energiområdet, og er med i EUs indre energimarknad gjennom EØS-avtalen.  Noreg har interesse av effektivt å innlemme nytt EU-regelverk i EØS-avtalen, for å sikre like konkurransevilkår og einsarta regelverk i den indre marknaden, og for at norske aktørar kan vere med for å påverke den løpande utviklinga.

Samtidig må regjeringa grundig vurdere rettsakter som kan ha innverknad på viktige samfunnsområde i Noreg, for å analysere kva konsekvensar dei har for Noreg, avklare norske posisjonar og vareta norske interesser. Dette blir no gjort for kvar enkelt rettsakt i Ren energipakken. For regjeringa er det viktig at norske interesser og særeigenheitene i det norske energisystemet blir teke omsyn til og varetekne på ein god og trygg måte.

Vi held god kontakt med våre EØS/Efta-partnarar Island og Liechtenstein og med EU. Kvar enkelt rettsakt blir innlemma i EØS-avtalen først når alle partar er samde.

I ACER-saka har Høgsterett stadfesta at Stortinget brukte rett framgangsmåte då vedtaket om å innlemme EUs tredje energimarknadspakke i 2018 blei treft med vanleg fleirtal. I avgjerda er Høgsterett svært tydeleg på at styresmaktsoverføringa var å rekne som «lite inngripande». Dette stadfestar den praksisen Stortinget og regjeringa har følgt.

Dommen gir ei prinsipiell og viktig avklaring om dei relevante grunnlovsreglane i saker der det kan liggje føre element av styresmaktsoverføring. Når det gjeld Ren energipakken, vil spørsmålet om eventuell styresmaktsoverføring og forholdet til Grunnlova blir vurdert av Lovavdelinga i Justisdepartementet på vanleg måte. Deretter vil det vere naturleg å leggje fram saka for Stortinget. Det er ikkje konkludert når og korleis dette skjer.