Svar på spørsmål om kontakt mellom Noreg og Hamas

Utanriksminister Espen Barth Eide sitt svar på eit spørsmål frå Christian Tybring-Gjedde (Frp) om Noreg sin kontakt med Hamas.

Skriftleg spørsmål nr. 216 (2023-2024)
Datert 23.10.2023

Frå representanten Christian Tybring-Gjedde (Frp) til utanriksministeren:

I svaret på skriftlig spørsmål Dokument nr. 15:105 (2023-2024), fremkommer det at «I vår dialog med Hamas har vi tydelig formidlet vår sterke fordømmelse av deres avskyelige terrorhandlinger mot sivile i Israel.» Kan statsråden opplyse om hvordan denne kontakten har vært gjennomført, med hvem samt når dette budskapet ble formidlet?

Svaret frå utanriksministeren:

I kraft av Noregs mangeårige engasjement i den israelsk-palestinske konflikten har vi kontakt mot mange aktørar i Midtausten. Det inkluderer òg representantar for Hamas. Kontakten har i seinare år funne stad i regionen og gått føre seg uoffisielt på embetsnivå. Vi held fram med å ha denne typen kontakt  under den pågåande krisa i Israel og Gaza. 

At vi har kontakt med slike grupper betyr ikkje at vi ikkje kan fordømme terrorhandlingane deira på det aller sterkaste. I møte med Hamas-representantar har vi vore heilt klare på å fordømme dei avskyelege terrorhandlingane deira mot sivile i Israel. Vi har gitt klar beskjed om at gislar må lauslatast omgåande, at sivile blir verna og at det må givast humanitær tilgang.