Svar på spørsmål om russisk skip i økonomiske soner og på kontinentalsokkelen

Utanriksminister Espen Barth Eides svar på eit spørsmål frå Christian Tybring-Gjedde (Frp) om å tillate eit forskingstokt med det russiske skipet Akademik Mstislav Keldysj i økonomiske soner og på kontinentalsokkelen.

Skriftleg spørsmål nr. 350 (2023-2024)
Datert 7.11.2023

Frå representanten Christian Tybring-Gjedde (Frp) til utanriksministeren:

Hvordan er det i Norges interesse å tillate at det russiske skipet Akademik Mstislav Keldysj får tillatelse til å undersøke norsk kontinentalsokkel?

Svaret frå utanriksministeren:

Alle utanlandske søknader om vitskapleg havforsking blir behandla i tråd med Noregs forpliktingar etter havretten. Ein kyststat kan nekte havforskingstokt innanfor territorialfarvatnet. Det vil seie i farvatnet som er inntil 12 nautiske mil frå grunnlinjene langs kysten. Derimot må kyststaten normalt samtykkje til forskingstokt i område utanfor territorialfarvatnet, det vil seie i økonomiske soner og på kontinentalsokkelen. I desse områda kan kyststaten berre nekte forsking i nokre få tilfelle. Det kan til dømes vere dersom det i realiteten ikkje er snakk om rein vitskapleg forsking, men å utnytte eller kartleggje ressursar. Den avgrensa moglegheita kyststaten har til å nekte vitskapleg havforsking må sjåast i samanheng med at økonomisk sone og kontinentalsokkel ikkje er ein del av territoriet til kyststaten, men havområde der kyststaten har visse rettar. Utover dette gjeld fridommen i hava.

Noreg får kvart år søknader frå russiske forskingsinstitutt om å gjennomføre forskingstokt i norske farvatn. Det er to ulike formål med tokta som blir gjennomførte. Fiskeriforskingstokt blir avtalt kvart år i den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen. Det er i norsk interesse å halde oppe og føre vidare norsk-russisk fiskeriforsking i Barentshavet. Gjennom forskinga får vi data om bestandsutviklinga for dei vandrande fiskebestandane i Barentshavet, som blir nytta til kvotefastsetjingar for den nord–aust-arktiske torsken, for hyse, blåkveite, lodde og reker. Kvart år avtaler vi med Russland kvotane for kor mykje vi kan ta ut. I oktober 2023 kom vi fram til ein avtale med Russland som gir eit fiske på ca. 450 000 tonn torsk for 2024.

Den andre forma for tokt, er vitskaplege havforskingstokt som med fartøyet Akademik Mstislav Keldysj. Gjennom søknadsprosessen får vi informasjon om seglingsruter, undersøkingsområde, mannskapslister og noko som utstyr fartøya ønskjer å nytte. Vi innhentar innspel og eventuelle løyve frå relevante norske aktørar, mellom anna Forsvaret. Dersom vi gir samtykke til tokt, blir klare vilkår mellom anna sette for bruk av utstyr. Det blir òg sett krav om at forskingsdata skal delast i etterkant i tråd med havretten. Vi får dermed god oversikt over formål og verke for dei russiske forskingstokta. Totalt har Utanriksdepartementet gitt samtykke til fem havforskingstokt i 2023. Det er ikkje gitt samtykke til forsking i territorialfarvatnet.

Regjeringa er fullt klar over trusselbiletet i nord og følgjer årvake med på russisk aktivitet. Det er godt kjent at aktivitet som i utgangspunktet er lovleg, kan bli utnytta til formål som kan skade den nasjonale tryggleiken vår. Dette arbeider norske styresmakter – Forsvaret, Etterretningstenesta og Politiet – med å førebyggje og forhindre. Samtidig er det òg ei norsk kjerneinteresse å halde oppe respekten for havretten og annan internasjonal rett.

Vi kan ikkje velje geografien vår i nord. Vi deler Barentshavet og fiskeriressursar med Russland. Det går svært mykje maritim aktivitet føre seg i norske havområde vi ikkje har høve til å regulere etter havretten. Det er eit geografisk faktum at all russisk trafikk mellom dei nordlege hamnene og Atlanterhavet nødvendigvis må gjennom norske havområde.