Svar på spørsmål om støtte til Russlands skeive miljø

Utanriksminister Espen Barth Eide sitt svar på eit spørsmål frå Ingrid Fiskaa (SV) om korleis Noreg kan støtta opp om menneskerettsaktivistar og det skeive miljøet i Russland og etter at LHBT+-rørsla er erklært ekstremistisk i Russland.

Skriftleg spørsmål nr. 785 (2023-2024)
Datert 22.12.2023  

Frå representanten Ingrid Fiskaa (SV) til utanriksministeren: 

Korleis ser regjeringa for seg at Noreg kan støtta opp om Russlands skeive miljø og menneskerettsaktivistar og andre som arbeider med LHBT og menneskerettsspørsmål, etter at den såkalla "internasjonale LHBT-rørsla" er erklært ekstremistisk i Russland, med ei forventa strafferamme opp til 10 år? 

Utanriksministerens svar:  

Regjeringa ser svært alvorleg på at russisk høgsterett har erklært den internasjonale LHBT+-rørsla som «ekstremistisk». Noreg har ved fleire høve fordømt russiske styresmakter for deira forfylging av LHBT+ og menneskerettsforvararar i etterkant av avgjerda 30. november.  

Avgjerda frå russisk høgsterett føyer seg inn i eit dystert mønster. Skeive som over tid allereie har vore svært utsett, er no sett under eit endå sterkare press i Russland.  

Lovforbodet frå 2013 mot såkalla homofil propaganda for utradisjonelle seksuelle relasjonar, andre tilstrammingar i lovverket den siste tida, og vedvarande mangel på vern overfor LHBT+, har i lang tid uroa norske myndigheiter.  

Det er sterkt alarmerande at skeive no risikerer lange fengselsstraffer og at russiske styresmakter brukar regelverket om ekstremisme til å forfylgje LHBT+-aktivistar, opposisjonelle og andre.  

Tiltak for å verne og tryggje LHBT+ og oppmoding om å oppheva diskriminerande regelverk var blant tilrådingane Noreg gav Russland under fjorårets høyring av landet i FNs menneskerettsråd.  

Regjeringa vil halda fram med å ta opp situasjonen for skeive og den kraftig forverra situasjonen for menneskerettane i Russland i FN og andre internasjonale samanhengar.

Regjeringa vil óg fortsetja å støtte norske og internasjonale sivilsamfunnsorganisasjonar som jobbar for å fremje menneskerettane i Russland, og som støttar opp om Russlands skeive miljø og menneskerettsforsvararar. Dette er i tråd med regjeringas nasjonale handlingsplan for kjønns- og seksualitetsmangfold og målsettingar for vårt internasjonale engasjement for skeives menneskerettar og likeverd.  

Vår ambassade i Moskva og vårt generalkonsulat i St. Petersburg fylgjer også menneskerettsutvikla i Russland tett, inkludert situasjonen for LHBT+.