Svar på spørsmål om talet på sivile drepte i Gaza og Ukraina

Utanriksminister Espen Barth Eide sitt svar på eit spørsmål frå Erlend Wiborg (Frp) om utanriksministerens svar til Stortinget 8. november 2023.

Skriftleg spørsmål nr. 777 (2023-2024)
Datert 20.12.2023

Frå representanten Erlend Wiborg (Frp) til utanriksministeren:

Står utenriksministeren ennå inne for sitt svar til Stortinget 8. november 2023, hvor han uttalte at «det er flere sivile drepte i løpet av denne måneden i Gaza enn i hele Ukraina-krigen fram til nå?

Svaret frå utanriksministeren:

Vi står her overfor to forferdelege krigar der alt for mange menneske har blitt drepe, og held fram med å bli drepe, både i Ukraina og Gaza.

Frå Russland innleidde fullskalainvasjonen av Ukraina 24. februar 2022 til 8. november 2023 hadde FNs høgkommissær for menneskerettar registrert 9 965 drepne sivile. På same tidspunkt var det registrerte talet på drepne i Gaza 10 569 menneske, under dette 4 324 barn og 2 823 kvinner, alt ifølgje lokale palestinske helsestyresmakter. Det var desse tala eg la til grunn i mitt svar til Stortinget.

Sidan den tid har talet på drepne i Gaza auka til over 22000, og fleire har òg blitt drepne i Ukraina.

Samtidig er det ingen tvil om at det er store mørketal her, og at det er all grunn til å tru at dei reelle tala er høgare, begge stader.