Svar på spørsmål om Tyrkia og rapport frå Europarådet sin torturovervakingskomité

Utanriksminister Espen Barth Eide sitt svar på spørsmål frå Andreas Sjalg Unneland (SV) om utanriksministeren vil krevje at rapporten frå Europarådet sin torturovervakingskomité om innsette Tyrkias İmralı-fengsel blir lagt ut for offentlegheita.

Skriftleg spørsmål nr. 573 (2023-2024)
Datert 01.12.2023

Frå representanten Andreas Sjalg Unneland (SV) til utanriksministeren

Europarådets torturovervåkingskomité (CPT) har tidligere rapportert at restriksjoner på den kurdiske lederen Abdullah Öcalan og andre innsatte i Tyrkias İmrali-fengsel er ikke akseptable. Den siste rapporten fra CPT har de nektet å publisere. Vil utenriksministeren kreve at rapporten blir lagt ut for offentligheten?

Svaret frå utanriksministeren:

I utgangspunktet er rapportar frå Europarådet sin torturovervakingskomité (CPT) ikkje offentleg tilgjengelege. Når desse rapportane blir offentleggjorde skjer det i samråd med landa rapporten gjeld.

Den europeiske konvensjonen om førebygging av tortur og umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff seier i artikkel 11 nr. 1 at rapportane er konfidensielle. Etter artikkel 11 nr. 2 kan rapportane berre offentleggjerast om den aktuelle medlemsstaten ber om det. Europarådets sekretariat har jamleg bede Tyrkia om løyve til å publisere CPTs rapportar frå besøk til Tyrkia, men så langt har Tyrkia ikkje akseptert å offentleggjere rapportane etter besøka i 2016, 2018, 2021 og 2022.

For Noreg sin del har vi akseptert automatisk offentleggjering av CPT-rapportar som gjeld landet vårt. Denne praksisen følgjer òg Albania, Bulgaria, Danmark, Finland, Litauen, Luxembourg, Moldova, Monaco, Nord-Makedonia, Slovenia, Sverige, Tsjekkia, Ukraina og Austerrike.

Offentleggjering av rapporten som gjeld forhold i Tyrkia er med andre ord eit spørsmål mellom tyrkiske styresmakter og sekretariatet til Europarådet.