Svar på spørsmål om ytringsfridom og fri presse

Utanriksminister Espen Barth Eide sitt svar på eit spørsmål frå Bjørnar Moxnes (R) om kjeldevern i vestlege medium.

Skriftleg spørsmål nr. 197 (2023-2024)
Datert 23.10.2023

Frå representanten Bjørnar Moxnes (R) til utanriksministeren:

Hva vil utenriksministeren gjøre for at advarslene og anbefalingene fra FNs menneskerettighetssystem og forpliktende internasjonale menneskerettighetskonvensjoner tas til følge og overholdes av britiske myndigheter i forbindelse med arrestasjonen av WikiLeaks-grunnlegger Julian Assange, og hva tenker ministeren om følgene for pressefriheten i Norge og Europa av USAs nye praksis med å straffeforfølge individer i Europa for publisering og kildebeskyttelse som til nå har vært normal praksis i vestlige, inkludert norske, medier?

Svaret frå utanriksministeren:

Eg viser til tidlegare svar frå utanriksminister Anniken Huitfeldt på spørsmål frå Stortinget om Julian Assange, under dette svar av 20. desember 2021 og 18. april 2023 på spørsmål frå representanten Moxnes (R) og svar av 8. juli 2022 til representanten Nyholt (R).

Storbritannia er tilslutta Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) og er dermed bunde av dei same menneskerettslege forpliktingane som Noreg på dette området. Spørsmål om utlevering er, som i Noreg, gjenstand for domstolsbehandling og skal skje i tråd med EMK. Det er ikkje naturleg for norske styresmakter å uttale seg om britiske rettsvesens og styresmakters behandling av spørsmålet om utlevering til USA. Elles forventar vi at både Storbritannia og USA overheld dei internasjonale menneskerettsforpliktingane sine i denne saka.

Ytringsfridom og frie medium er under stort press i mange land. Dette heng saman med ein urovekkjande global tilbakegang for demokratisk styresett og vern av menneskerettar. Derfor er det ei prioritert sak for regjeringa å støtte innsats for ytrings- og pressefridom, inkludert journalistars tryggleik. Ei rekkje norske og internasjonale organisasjonar får støtte til det internasjonale arbeidet sitt, blant dei Norsk PEN.

Noreg jobbar samtidig gjennom mellom anna FNs menneskerettsråd, Europarådet og Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) for å få medlemsland til å vareta ytrings- og informasjonsfridommen og etterleve menneskerettsforpliktingane sine. Som eit døme på korleis OSSE jobbar med utfordringar i regionen, besøkte OSSEs representant for pressefridom Storbritannia i oktober i år for dialog med mellom anna styresmakter, akademikarar og sivilt samfunn.