Svært bekymra for samanbrot av lov og orden i Gaza

– Eg er svært bekymra for samanbrot av lov og orden i Gaza. Dei humanitære hjelpeorganisasjonane gjer ein utruleg viktig jobb i ein ufatteleg krevjande situasjon, seier utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim.

Bilde av møtedeltakere rundt møtebord med statsrådene i enden
Foto: UD

Utanriksminister Espen Barth Eide og utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim møtte onsdag dei største norske humanitære organisasjonane om situasjonen i Gaza, med representantar frå Leger uten grenser, Norsk Folkehjelp, Redd Barna, Norwac, Caritas, Kirkens Nødhjelp, Norges Røde Kors, Flyktninghjelpen og Care Norge.

– Krigen i Gaza har vart i fem månader. Noreg krev våpenkvile no og at sivile blir verna. Den palestinske befolkninga i Gaza er i ein desperat situasjon og har altfor lite tilgang til livsnødvendige varer som mat og vatn. Israels krigføring har gått for langt og må stanse, seier utanriksminister Espen Barth Eide.

Eide og Tvinnereim tok opp den humanitære situasjonen i Gaza og vidare norsk engasjement for å bidra til å stanse den katastrofale situasjonen. 

– Eg er veldig glad for at dei norske hjelpeorganisasjonane set pris på den tydelege stemma frå Noreg om respekt for folkeretten og vern av sivile. Dei oppmoda oss til å halde fram arbeidet, til dømes ved å påpeike uakseptable angrep på helsearbeidarar. Vi må ikkje tillate at viktige humanitærrettslege reglar som dette blir brote, seier Tvinnereim. 

Statsråda understreka Noregs arbeid for ei våpenkvile no, arbeidde for å få på plass meir nødhjelp både no og når våpenkvila ein dag er på plass, og arbeidde for å komme vidare med ei meir varig løysing.

– Summen av intensiteten i bombinga, mangelen på mat, medisinar, reint vatn og toalett på eit så lite område med så mykje menneske har vi ikkje sett før. Det er eit fullstendig samanbrot av all menneskelegdom og lov og orden i store delar av Gaza. Det betyr at vi må jobbe alt vi kan for å få på plass ei våpenkvile no, seier Eide.

Noreg og Egypt har teke initiativ til ein konferanse for å støtte opp under den humanitære responsen etter ei våpenkvile.

– Eg trur det blir ei våpenkvile, og eg håpar ho blir snarleg. Det er eit veldig press no på alle partar, seier Eide.