Tildeler 7,1 millionar til kompetansetiltak innan plan, kart og geodata

Kommunal- og distriktsdepartementet har fordelt 7,1 millionar kroner i tilskot til 33 ulike prosjekt og tiltak jamfør Stortingets budsjett av 2022. Midlane skal vere med på å auke effektiviteten og kvaliteten på samfunns- og arealplanlegginga etter plan- og bygningsloven.

Tilskota vert gjeve til ulike verksemder, organisasjonar og faglege nettverk. Løyvinga frå departementet skal auke kompetansen innan planlegging og utvikling av kart og geodata i sivil sektor.

Departementet legg stor vekt på at alle som deltek i planprosessar har tilstrekkeleg kunnskap om sine rettar, pliktar og om gangen i planarbeid. Dette vil bidra til at kommunane og fylkeskommunane lukkast med god medverking i planarbeidet, at planane har god kvalitet og at prosessane går effektivt.

KMD har også som målsetting å auke den tekniske standarden på slike planar. Dette kan ein oppnå mellom anna blant ved å utvikle nye elektroniske hjelpemiddel i saksframstillinga og å samordne prosessane frå plan til byggesak.

I år har departementet fått 38 søknader. Det samlede søknadsbeløpet var på ca 10,5 millionar kroner og vitner om stor interesse for ordningen. Det er tre prioriterte tilskotsmottakere i årets tildeling. Dette er BYLIVsenteret i regi av Norske arkitekters landsforbund (NAL) og Sekretariatet for etter- og videreutdanning i samfunnsplanlegging (SEVS) som får tilskot til drift på henholdsvis 2 millionar kroner og 1 million kroner. Begge arbeider hovedsakelig med å auke den offentlige plankompetansen. I tillegg får FutureBuilt 0,5 millionar kroner i tilskot knyttet til sitt arbeid med klima og attraktive lokalsamfunn.

Desse søkarane har fått tildelt tilskot i 2022:

Tema planlegging

  • KAP - kontor for Arkitektur og Plan as
  • Habitat Norway
  • Svangtun kulturarkitekter
  • Kunnskapsbyen Lillestrøm
  • Kommunesektorens interesseorganisasjon (KS) v/Sekretariatet for etter- og videreutdanning, Forum for utdanning for samfunnsplanlegging og Forum for kommunale planleggere
  • FNF Akershus (Forum for natur og friluftsliv)
  • Openhouse Oslo
  • PS Paaby Prosess Edu Action
  • EgdePlan AS
  • Naturvernforbundet
  • Norsk Sentrumsutvikling
  • KS Agder
  • Openhouse Bergen
  • Norsk kommunalteknisk forening
  • Norske arkitekters landsforbund

Tema kart og geodata

  • GeoForum Oslo og Akershus
  • FNF Agder (Forum for natur og friluftsliv)
  • GeoForum Rogaland
  • GeoForum Sørlandet
  • GeoForum Finnmark
  • Møre og Romsdal arkitektforening
  • Norkart
  • GeoForum Troms
  • GeoForum Møre og Romsdal
  • GeoForum Trøndelag
  • GeoForum
  • 3D-analyse AS
  • Naturvernforbundet Oslo og Akershus