Tina Bru møtte den belgiske energiministeren

Olje- og energiminister Tina Bru møtte torsdag den belgiske energiministeren Tinne van der Straeten for samtalar om karbonfangst, havvind og hydrogen.

'
Tina Bru møtte den belgiske energiministeren Tinne van der Straeten digitalt 29. april 2021. Foto: Minister van Energie

I det digitale møtet presenterte Tina Bru regjeringas klimaplan, arbeidet med karbonfangst- og lagring, og arbeidet med havvind og hydrogen.

Noreg og Belgia samarbeider i fleire samanhengar, mellom anna gjennom ei eiga fråsegn om energisamarbeid og i EU-prosessar. Landa deltek også i Nordsjøsamarbeidet om havvind, der Belgia har formannskapet i år.

— Noreg og Belgia har hatt eit nært samarbeid om energispørsmål i fleire år, og har mange samanfallande interesser, seier olje- og energiminister Tina Bru.

Belgia er ein viktig marknad for norsk naturgass. Noreg eksporterer årleg meir enn 15 milliardar kubikkmeter gass til Belgia, omtrent like mykje som landet forbrukar. Belgia får mellom anna ein fjerdedel av krafta si frå gasskraftverk og kan få bruk for meir gass når kjernekrafta vert redusert. Landet er også ein interessant partnar for Noreg når det gjeld hydrogen og karbonfangst- og lagring, og det er grunnlag for meir samarbeid både innan næringsliv og forsking.

Belgia har ambisiøse planar for utvikling av havvind, med eit mål om 4 GW innan 2030. Dei er allereie over halvvegs til målet, og ventar å dekke ti prosent av kraftforbruket sitt med havvind i år.