Statsbudsjettet 2023

Tjuvstartar mineralstrategien med rekordløyving til geologiske undersøkingar

Regjeringa legg fram ny mineralstrategi før året er omme. Tilgangen til mineral er heilt nødvendig for å møte etterspørselen i det grøne skiftet. Derfor gjer regjeringa allereie no framlegg om rekordstor løyve til Noregs geologiske undersøking (NGU) og 10 millionar kroner ekstra til kartlegging av mineralressursar.

– Tilgangen på kritiske råvarer er nødvendig for det grøne skiftet. Samtidig er forsyningssituasjonen for disse råvarene utfordrande. Derfor er det viktig å auke norsk produksjon av råvarer, både for å sikre tilgang for norsk industri, og for å styrke Noregs posisjon i internasjonale strategiske industrisamarbeid. I denne samanhengen trengs det meir kartlegging av resursane her heime. Derfor foreslår vi i tillegg å øyremerke 10 millionar til dette, seier næringsminister Jan Christian Vestre.

Auka kartlegging av mineralressursar legg til rette for vidare undersøkingar etter mineral og investeringar i norsk mineralnæring.

Geologiske kartleggingsmetodar inkluderer blant anna kjemiske analyser, kjerneboring og geofysiske målingar. Per 31. desember 2021 var om lag 65,2 prosent av Fastlands-Noreg kartlagt med moderne geofysikk og om lag 60 prosent kartlagt med geokjemisk prøvetaking.

Ny mineralstrategi

Framtidas mineralnæring i Noreg skal skilje seg ut internasjonalt. Regjeringa har hatt nær dialog med miljørørsla, partane i arbeidslivet og næringa. Tilgangen samfunnet og industrien har til kritiske mineralske råvarer er blant områda den nye strategien vil ta for seg, med klare rammer for berekraft.

– Regjeringas ambisjon er at Noreg ska ha verdas mest berekraftige mineralnæring. Vi må sjå på korleis vi kan leggje til rette for vekst i norsk mineralnæring innanfor berekraftige rammer der vi tar omsyn til både miljø og sosiale omsyn. Eg vil at ein mineralstrategi som vil vise veg for næringa, seier Vestre.

Næringsministeren vil i arbeidet med ny mineralstrategi:

  • Legge til rette for at mineralnæringa i Noreg kan bidra til FNs berekraftsmål gjennom utvinning av mineral som er nødvendige for det grøne skiftet, på ein måte som tar omsyn til miljø, samfunn og økonomisk berekraft.
  • Vurdere om det er område som egner seg for gruvedrift, og område som ikkje gjer det, blant annet av omsyn til naturinngrep, deponi-moglegheiter og andre omsyn.
  • Søkje ny kunnskap om ulike former for deponering, herunder vurdere framtida til sjødeponi.
  • Jobbe for at næringa kan bli meir sirkulær, gjennom at overskotsmassar i størst mogleg grad blir ombruka framfor deponering, basert på forståinga av at alt har verdi i sirkulærøkonomien.
  • Vurdere å stille økt krav til gjenbruk av overskotsmassar, sjå på økt forsking og om det vil være hensiktsmessig med insentiv eller avgifter som bidrar til mindre deponering.
  • Utgreie korleis ein større del av verdiskapinga i mineralnæringa leggast igjen lokalt og nasjonalt.