Utanriksministeren fekk 1100 underskrifter frå næringslivet om krigen i Gaza

– Krigen i Gaza er ein katastrofe med enorme dimensjonar. Eg deler den store frustrasjonen og sorga som mange kjenner på grunn av dei menneskelege lidingane. Det er viktig at alle delar av det norske samfunnet engasjerer seg. Det blir lagt merke til i Palestina og i andre land, sa utanriksminister Espen Barth Eide då han møtte dei fire initiativtakarane til kampanjen «Leiaroppropet for menneskerettar i Gaza».

Bilde av dei fire initiativtakarne ståaende med utanriksministeren i midten som held underskriftane
Utanriksminister Espen Barth Eide ( i midten) tok imot næringslivsleiarane (f.v.): Isabelle Kristine Ringnes, Anders Waage Nilsen, Kristina Picard og Bojan Celise Skaar som har teke initiativet til kampanjen «Leiaroppropet for menneskerettar i Gaza» Foto: UD

Leiaroppropet blei starta i januar av Anders Waage Nilsen, Isabelle Kristine Ringnes, Bojan Celise Skaar og Kristina Picard. Dei representerer ulike delar av næringslivet, men engasjerer seg som privatpersonar. Kampanjen har samla rundt 1100 underskrifter som utanriksministeren fekk overlevert måndag 4. mars.

Det går føre seg to rettsprosessar i Den internasjonale domstolen i Haag, høvesvis om dei rettslege konsekvensane av Israels okkupasjon og om moglege brot på folkemordkonvensjonen.

– Eg set stor pris på initiativet deira, sa Eide til initiativtakarane. Dei to rettsprosessane i Den internasjonale domstolen understrekar det djupe alvoret i situasjonen. Som regjering skal vi vere i front, og vi bruker svært store ressursar på denne krisa. Norsk næringsliv har samtidig både eit sjølvstendig ansvar for å gjere eigne vurderingar og eit handlingsrom for å ta eigne avgjerder, fortsette Eide.

– Regjeringa forventar at norske selskap opptrer ansvarleg, kjenner til og etterlever openheitslova. FN sine rettleiande prinsipp for næringsliv og OECD sine retningslinjer for ansvarleg næringsliv ber bedriftene vise ekstra varsemd i konfliktsituasjonar eller situasjonar med auka risiko for brot på mellom anna folkeretten.  Det er viktig at næringslivet er klar over dette ansvaret. Derfor er eg så glad for dette viktige initiativet, sa utanriksministeren.

I møtet gjorde greie for utanriksministeren òg for korleis Noreg arbeider for å stanse krigen og betre situasjonen for palestinarane.

– Noreg er oppteke av at reglane i folkeretten blir respekterte. I dag ser vi at krigsfolkeretten - det vi kallar humanitærretten – blir brotne, både i måten dei militære operasjonane blir gjennomførte på og fordi essensiell nødhjelp blir hindra å nå dei som treng han. Det hastar med å få til ei våpenkvile, med å få nok livsviktige varer inn til Gaza og å lauslate gislane. Så må dette raskt over på eit anna spor som leiar til ei to-statsløysing, sa Espen Barth Eide.