Revidert nasjonalbudsjett

Utvidar tannhelsetilbodet for aldersgruppa 21 til 24 år

Regjeringa foreslår å legge om det fylkeskommunale tannhelsetilbodet til unge vaksne, slik at personar frå 21 til 24 år berre skal betale 25 prosent eigenandel.

– Vi er i gang med å styrke den offentlege tannhelsetenesta. For mange unge vaksne er økonomi ein viktig grunn til at dei ikkje oppsøker tannlege. Det bidrar til sosial ulikskap, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.

Betre og meir likestilt tilbod

– Dårleg tannhelse påverkar også den generelle helsa. Utvidinga av tilbodet for 21-24-åringar er derfor viktig for å gi denne aldersgruppa eit betre og meir likestilt helsetilbod, fortel Kjerkol.

I Hurdalsplattformen er det nedfelt at regjeringa ønsker ei gradvis utviding av den offentlege tannhelsetenesta med mål om å likestille tannhelsetenesta med andre helsetenester.

Regjeringa har sett ned eit offentleg utval som skal gjere ein heilskapleg gjennomgang av tannhelsetenesta, og foreslå tiltak for å oppnå dette.

Fylkeskommunen må planlegge for utviding av tilbodet

Utviding av tannhelsetilbodet til aldersgruppa 21 til 24 år krev førebuingar i fylkeskommunen. Helse- og omsorgsdepartementet har derfor gjennom eit rundskriv (PDF) bedt fylkeskommunane om å utvide behandlingskapasiteten.

– Eg vil oppmode fylkeskommunane til å bygge opp kapasitet, slik at dei kan tilby tenestene i eigen regi, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.

I budsjettforliket med SV om 2023-budsjettet, var det opphavleg einigheit om å utvide tilbodet opp til 26 år, med 50 prosent eigenbetaling. Ei nærmare juridisk vurdering viste likevel at dette var krevjande opp mot regelverket for statsstøtte.