Vil finne fleire gode døme på bruk av geodata

Dette innholdet er mer enn 1 år gammelt.

Nasjonalt geodataråd og Kommunal- og distriktsdepartementet vil gjere tydeleg kva nytte vi som samfunn har av geografisk informasjon og den geografiske infrastrukturen. For tredje år på rad blir derfor verksemder, etatar og organisasjonar oppmoda om å sende inn sine innovative døme på bruk av geodata til konkurransen «Gode døme på bruk av geodata».

− I Noreg har vi kome langt med å ta i bruk geografiske data på nye måtar og dra nytte av det potensialet som ligg i slike data. Det ønsker vi å halde fram med og da treng ein gode døme, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Geografisk informasjon er avgjerande for å løyse viktige samfunnsutfordringar, slik som tilpassing til eit klima i endring, berekraftig utvikling og beredskap. Oppdaterte geodata med god kvalitet er naudsynt for verdiskaping i næringslivet og ei vidare effektivisering av offentleg sektor.

Geodatarådet inviterer verksemder, organisasjonar, etatar og andre som har utvikla løysingar, tenester eller produkt basert på bruk av geografisk informasjon, til å sende inn døme og bli med i konkurransen. Gode døme kan være ein app, ei god publikumsløysing, eit fagsystem eller ulike saksbehandlingsverktøy.

 

− Vi ønsker å få fleire aktørar til å ta i bruk geografisk informasjon i løysingar og tenester som gir berekraftig utvikling og auka innovasjon, seier Gjelsvik.

I vurderinga blir det lagt vekt nyskapande løysingar, høg nytteverdi og potensial for gevinstar, gjenbruk og berekraft. Døma må enten være ferdig utvikla eller ha fått vesentleg ny funksjonalitet i løpet av det siste året. Forslagstillar må dokumentere dette. Vinnarane vil, i tillegg til diplom, heider og ære, få ein premie på 30 000 kroner.

Det blir delt ut diplom i tre kategoriar:

  • Kommersiell teneste eller produkt
  • Tiltak i offentleg sektor som gir betre og meir effektive prosessar
  • Løysing som kombinerer data til ny kunnskap

Frist for å melde seg på konkurransen er 7.oktober, og vinnarane blir kåra i november. Innsendte døme blir vurdert av eit utval av medlemmane i Nasjonalt geodataråd.

 

Send inn ditt bidrag her: Gode døme på bruk av geodata