Vil ta meir omsyn til forskjellane mellom distrikt og storby i arealsaker

Senterpartiet og Arbeiderpartiet er oppteken av å styrke lokaldemokratiet og å skape gode lokalsamfunn i heile Noreg. Difor foreslår regjeringa no nye retningslinjer som i større grad tar omsyn til lokale forskjellar og legg til rette for bustadbygging i heile landet. I byområda skal det leggjast til rette for god mobilitet og miljøvenleg transport.

Dei nye statlege planretningslinjene for areal og mobilitet skal erstatte dei statlege planretningslinjene for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging. Retningslinjene skal sikre ein betre samordna planlegging. Dei skal òg bidra både til å nå berekraftsmåla og målet om auka folketal i distrikta, og bidra til å utvikle attraktive byar og tettstadar.

– Omsynet til at kommunane er forskjellige, og at dei difor må kunne planlegge ut frå lokale føresetnader, har vore sentralt i fornyinga. Forslaget til nye retningslinjer gjev meir fridom til distriktskommunar for å sikre at dei kan utvikle seg utan at dei møter stramme retningslinjer som er tilpassa pressområda. For oss er det viktig å legge til rette for variert bustadbygging i heile landet, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp).

Å styrke jordvernet og sikre meir effektiv arealbruk i pressområda er også eit viktig mål med dei nye retningslinjene.

Eit anna viktig mål med dei nye retningslinjene er å leggje til rette for gode mobilitetsløysingar og å redusere transportbehovet i byområda.

– Meir effektiv arealbruk i pressområda er avgjerande for å utvikle berekraftige og attraktive byar. Høg arealutnytting og fortetting rundt knutepunkt er eit viktig verkemiddel. Vi skal også leggje til rette for gode mobilitetsløysingar med vekt på kollektivtransport, sykling og gange, seier samferdselsminister Jon Ivar Nygård (Ap).

Dei nye retningslinjene vektlegg òg andre viktige omsyn i planlegginga, som samfunnstryggleik, beredskap og naturfare, trafikktryggleik, stadleg tilpassing og arkitektonisk kvalitet.

– Vi legg no forslaget ut på høyring og så ser vi fram til å få innspel frå breidda av aktørar - både offentlege og private - som skal bruke desse retningslinjene i si planlegging, seier Sande.