Underliggjande etatar

Landbruksdirektoratet

Statens landbruksforvaltning (SLF) før 1.7.2015

Landbruksdirektoratet set landbruks- og matpolitikken ut i livet og er eit støtte- og utgreiingsorgan for Landbruks- og matdepartementet (LMD).

Dei to verksemdene Statens landbruksforvaltning (SLF) og Statens reindriftsforvaltning vart nedlagde i 2014 og samstundes slått saman til Landbruksdirektoratet, som skal løyse dei same oppgåvene. Landbruksdirektoratet har kontor i Oslo og Alta. Avdelingane i Oslo handsamar dei oppgåvene SLF tidlegare hadde ansvaret for, medan Avdeling reindrift ligg i Alta.

Brukarretta og effektiv forvaltning av tilskotsordningar og juridiske verkemiddel står sentralt, i tillegg til kontroll og dokumentasjon. 

Instruksar, tildelingsbrev og årsrapportar

Instruksar, tildelingsbrev og årsrapportar for underliggjande verksemder er tilgjengeleg på denne sida.

Nettside: https://www.landbruksdirektoratet.no/nb/