Regionalnytt 4 2018
Dato: 12.10.2018 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Distriktspolitikk for framtida
No startar regjeringa opp arbeidet med ei ny stortingmelding om distriktspolitikken. Ny teknologi, nye næringar og nye tal for befolkning gjev både optimisme og utfordringar for norske distrikt.
Best på bygg og anlegg i arktisk klima
Nordnorske entreprenørar får jobben gjort, sjølv om det er mørkt og kaldt store delar av året. No skal dei utvikle kompetansen vidare, til eit enda sterkare konkurransefortrinn. Kompetansesenter for bygg- og anleggsbransjen i nord er under etablering, med støtte frå Forskingsrådet.
Distriktssenteret 10 år – feira med fagdag og jubileumshefte
I september for 10 år sidan vart Distriktssenteret etablert. Jubileet vart feira med fagdag og jubileumsheftet Livskraftige lokalsamfunn – tilfeldig og planlagt?
Rettleiar for smart spesialisering
Alle regionar har særeigne moglegheiter og ulike føresetnader for næringsutvikling. Både regjeringa, OECD og EU tilrår å utnytte desse forskjellane og skreddarsy politikken til kvar region. Smart spesialisering er ein metode for å få det til. KMD, saman med fylkeskommunane, har utarbeidd ein rettleiar i smart spesialisering som metode for regional næringsutvikling.
Fleire aktuelle saker:
- Mæland inspirert av kompetansearbeidet i Hordaland
- Mobil Røntgen i Namdalen
- Nye rapportar
- Kva skjer?