Skjema og blankettar frå Justis- og beredskapsdepartementet

Her kan du laste ned skjema og blankettar for utfylling og utskrift.

Du kan endra både førenamnet, mellomnamnet og etternamnet ditt. Merk at mellomnamn ikkje er eit førenamn. Namn som kan takast som etternamn, kan også takast som mellomnamn.

Du kan endra ditt eige namn, og namn til barn under 16 år som du har foreldreansvar for.

Endre namn elektronisk

Namneendringar kan gjerast elektronisk hos Skatteetaten.

Papirskjema

Viss du ønskjer å bruka papirskjema, må det du fylle ut ei melding for kvar person som skal endre namn. Meldinga skal sendes til Skatteetaten.

Rettleiing ligg i meldingsskjemaet.

Last ned blankettnr. GA-7700 på bokmål:

Last ned blankettnr. GA-7700 på nynorsk:

Last ned blankettnr. GA-7700 på samisk – kun for utskrift:

Meir informasjon om namneendring

Noreg har tiltredd Haagkonvensjonen av 25 oktober 1980 om dei sivile sidene ved internasjonal barnebortføring. Konvensjonen gir retningslinjer for korleis ei sak blir handtert når eit barn er ulovleg bortført frå Noreg til eit anna konvensjonsland.

Skjema for barnebortførings- og samværssakar etter Europarådskonvensjonen 1980 og Haagkonvensjonen 1980 finn du på nettstaden til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir).