Invitasjon til å delta i forsøk med røysterett for ungdom som fyller 16 eller 17 år i valåret

Kommunal- og regionaldepartementet vil med dette invitera kommunane til å søkja om å delta i forsøk med røysterett for 16-åringar.

Kommunane

Invitasjon til å delta i forsøk med røysterett for ungdom som fyller 16 eller 17 år i valåret

Kommunal- og regionaldepartementet vil med dette invitera kommunane til å søkja om å delta i forsøk med røysterett for 16-åringar.

Bakgrunn
I samband med handsaminga av St.meld. nr. 33 (2007-2008) Eit sterkt lokaldemokrati slutta Stortinget seg til regjeringa sitt forslag om at det skal gjennomførast forsøk med røysterett ved kommunestyreval for ungdom som fyller 16 år i valåret (jf. Innst. S. nr. 163 (2008-2009)).

Heimelsgrunnlaget
Forsøket vert heimla i vallova § 15-1 som opnar for forsøk med å halda val på andre måtar enn det som går fram av lova elles.

Omfanget av forsøket
Forsøket skal i utgangspunktet berre gjelda kommunestyrevalet i 2011. Forsøket skal prøva ut røysterett til ungdom som fyller 16 eller 17 år i valåret, og som elles fyller dei andre krava til røysterett ved kommunevalet, jf. vallova § 2-2. Det vert i forsøket ikkje opna for endringar i valbarheitsalderen. Det vil såleis i desse forsøka ikkje vera samsvar mellom stemmerettsalderen og valbarheitsalderen.

Kriteria ved utveljing av kommunar
Ved utveljing av kommunar som skal delta vil det verta lagt vekt på følgjande:

  • Det vert teke sikte på at både store, mellomstore og små kommunar skal delta.
  • Det vert lagt vekt på geografisk spreiing slik at alle landsdelar er representerte.
  • Variasjon i den politiske samansetjinga av kommunestyret, dvs at ein bør streva etter at det vert ei spreiing av kommunar etter kva politisk farge som dominerer i kommunestyret. Her vil ein ta utgangspunkt i ordføraren sitt parti.
  • Både kommunar i distrikta og kommunar i sentrale strøk bør delta.
  • Variasjon i alderssamansetninga, målt som del av befolkninga som er under 30 år.
  • Kommunal- og regionaldepartementet vil også vurdera i kva grad kommunen i søknaden greier å synleggjera at han  har ein medviten politikk på aktivt å trekkja ungdom med i politisk arbeid eller annan medverknad i kommunale politiske prosessar.

På denne bakgrunnen er det viktig at kommunen i sin søknad opplyser om tilhøve knytt til desse kriteria. Det vil vera til hjelp når departementet skal ta stilling til  kva kommunar som skal delta.

Kommunar som allereie har søkt
Dei kommunane som allereie har søkt om å få delta i forsøket vert bedne om, dersom det er naudsynt, å senda inn supplerande opplysningar i høve til dei nemnde utveljingskriteria.

Evaluering
Forsøket vil verta evaluert. Det er derfor ein føresetnad for å få delta at kommunen stiller seg velviljug til å gje opplysningar som er relevante for forsøket til den institusjonen som får i oppdrag å evaluera forsøket.

Frist for å søkja
Fristen for å søkja vert sett til 1. ju1i 2009.

Eg vil ynskja dykk lykke til med arbeidet med søknaden.

 


Med helsing


Magnhild Meltveit Kleppa