Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Fylkeskommunane post 61 (2015)

Ikkje alle område, som før 2004 hadde redusert arbeidsgjevaravgift, fekk tilbake ordninga på same nivå då ordninga på nytt blei gjeninført i 2006. Difor vart ei ordning med kompensasjonsmidlar innført. Ordninga med differensiert arbeidsgjevaravgift vart gjeninnført på nytt, med endra virkning, i 2014. Endringane førde til at 26 kommunar fra og med 14.juli 2014 ikkje lenger skal tilførast kompensasjonsmidlar.

Dei kommunane som no kan kompenserast er:  Tromsø, Bodø, Frosta, Leksvik, Midtre Gauldal, Rissa, Selbu, Aukra, Eide, Gjemnes, Haram, Herøy, Midsund, Flora, Førde, Sogndal, Etne, Kvam, Modalen, Bømlo, Vindafjord, Finnøy, Audnedal, Åseral, Hægebostad, Sirdal, Vegårshei, Iveland, Sigdal og Gausdal. Fylkeskommunane prioriterer sjølve mellom ulike typar innsats i samråd med sine regionale partnarar innanfor mål, rammer og retningslinjer for posten. Målet er å få til ein brei næringsretta innsats. Særleg skal det leggast vekt på å utvikle næringsliv og arbeidsplassar i område som ikkje fekk innført differensiert arbeidsgjveravgift på nytt, eller som fikk innført ordninga med høgare sats enn før 2004. Her er tildelingsbreva for 2015 til dei fylkeskommunane som har fått tilført kompensasjonsmidlar:

 

Til toppen