Historisk arkiv

Lovutval skal vurdere endringar i kvitvaskingsregelverket

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Finansdepartementet

Regjeringa har i dag utnemnt eit utval som skal gå gjennom kvitvaskingsregelverket. Utvalet skal oppdatere regelverket i tråd med internasjonale standardar og førebu nytt EØS-regelverk på området.

Gjeldande kvitvaskingslov- og forskrift gjennomfører EØS-reglar som svarer til EU sitt tredje kvitvaskingsdirektiv. Direktivet byggjer på standardar utarbeid av det internasjonale organet FATF (Financial Action Task Force) i 2003. I 2012 vedtok FATF nye, reviderte standardar, med forsterka tiltak mot kvitvasking og terrorfinansiering. I løpet av våren 2015 vil EU truleg vedta eit nytt kvitvaskingsdirektiv som blant anna byggjer på desse standardane.

Noreg blei i 2014 evaluert etter dei nye FATF-standardane. I evalueringsrapporten som blei publisert i desember, blei det påpeikt manglar i norsk kvitvaskingsregelverk. I tillegg til å førebu komande EØS- reglar, skal utvalet no vurdere korleis desse manglane bør utbetrast. Utvalet skal vidare vurdere korleis kvitvaskingstilsynet med forhandlarar av gjenstandar og såkalla tilbydarar av verksemdtenester, skal organiserast. Utvalet skal også vurdere om det for enkelte grupper av rapportpliktige bør innførast ei grense på kor store kontantvederlag det skal være lov å ta i mot, heller enn rapportplikt.

Utvalet vil bli leia av professor dr. juris Jon Petter Rui ved Universitetet i Bergen. Mandatet til utvalet er delt i to delar. Utvalet skal levere første utgreiing innan 6. november 2015, og den siste utgreiinga innan 6. august 2016.