Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2020:

250 millionar kroner til nye læremiddel i skulen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

I statsbudsjettet for 2020 foreslår regjeringa å løyve totalt 250 millionar kroner til nye trykte og digitale læremiddel i samband med at alle fag får nye læreplanar. – Det er viktig at skulen får nye læremiddel samstundes med at dei nye læreplanane tek til å gjelde. Det vil gi betre læring for elevane og ruste dei for framtida, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner.

Med fagfornyinga får alle faga i skulen nye læreplanar. Dette er den største endringa i skulen sidan Kunnskapsløftet blei innført i 2006. Dei nye læreplanane vil bli fastsette i haust, og skal gjelde frå hausten 2020.

– Med dei nye læreplanane ønsker vi å sikre meir og betre læring, og legge til rette for meir djupnelæring og tverrfaglege tema. Då er nye læremiddel viktige, seier Sanner.

Læremiddel til små fag og nynorsk-elevar
Nokre fag har for lågt elevtal til at det er lønnsamt nok for læremiddelprodusentane å utvikle læremiddel utan ekstra tilskot. Dette gjeld mellom anna læremiddel til ein del små fag innan fag- og yrkesopplæringa og læremiddel på nynorsk. Derfor foreslår regjeringa å auke løyvinga med 15 millionar kroner til dette føremålet.

– Vi må legge til rette for at elevane får nye og moderne læremiddel også i fag med lågt elevtal. Vi må òg sikre at elevar med nynorsk som hovudmål får gode læremiddel i tråd med dei nye læreplanane, seier Sanner.

Tilskot til innkjøp av digitale læremiddel

Regjeringa foreslår å løyve 50 millionar kroner til digitale læremiddel. I tillegg vil regjeringa bruke 40 millionar kroner i 2020, som en del av «Den teknologiske skulesekken». Den samla ramma for Den teknologiske skulesekken vil då vere på 90 millionar kroner i 2020.

– Digital dømmekraft og digital skaparkraft er viktige ferdigheiter for læring i alle fag.  Digitale læremiddel bidreg til dette når dei blir brukte med god pedagogikk, seier Sanner.

Digitale læremiddel på samisk

15 millionar kroner går til å omsetje, tilpasse og utvikle digitale læremiddel på samisk. Ved å omsetje dei digitale læremidla som allereie er i ferd med å bli produserte til fagfornyinga, vil også læremiddel på samisk kunne inngå i tilskotet til innkjøp av digitale læremiddel.

170 millionar kroner til kommunane

170 millionar kroner skal bidra til å dekke ekstra utgifter kommunane har til innkjøp av nye læremiddel. Kor store utgifter kommunane vil få utover dei normale kostnadene til å bytte ut læremiddel, avheng av fleire faktorar, blant anna kor stor del digitale læremiddel kommunane brukar og kor mykje kommunane har spart på innkjøp av læremiddel i åra før dei nye læreplanane trer i kraft.

– Med forslag til løyving i budsjett 2020 og tidlegare løyvingar ligg det godt til rette for kommunane å kjøpe inn nye læremiddel, avsluttar Sanner.

Dei 250 millionane for 2020 blir fordelte slik

  • 170 millionar kroner til å dekke meirutgifter kommunane har til innkjøp av nye læremiddel.
  • 15 millionar kroner til å omsetje, tilpasse og utvikle digitale læremiddel på samisk.
  • 15 millionar kroner til å utvikle læremiddel det ikkje er kommersielt grunnlag for utvikling av, som læremiddel på nynorsk og læremiddel i yrkesfag som har få elevar.
  • 50 millionar kroner til ein tilskotsordning for innkjøp av digitale læremiddel tilpassa fagfornyinga. Desse midlane inngår som ein del av satsinga «Den teknologiske skulesekken».

For å førebu ei god innføring av fagfornyinga har Stortinget sidan 2018 løyvd

  • 2018: 55 millionar kroner - tilskot til utvikling av nye digitale læremiddel
  • 2019: 48 millionar kroner - tilskot til å stimulere til innkjøp av fleire digitale læremiddel
  • Revidert budsjett for 2019:
  • 23,7 millionar kroner - tilskot til utvikling av digitale læremiddel
  • 10 millionar kroner til å auke tilskotet til samiske læremiddel
  • 20 millionar kroner til å auke tilskotet til utvikling av læremiddel til fag/område der det ikkje er kommersielt grunnlag for utvikling
  • 20 millionar kroner til å auke tilskotet til innkjøp av digitale læremiddel