Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2020:

Stor auke til museum og visuell kunst

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

I statsbudsjettet for 2020 vert det gjort framlegg om eit samla tilskot på vel 2,2 milliardar kroner til museum og visuell kunst. Det er ein auke på om lag 340 millionar kroner frå 2019.

– Regjeringa ynskjer å verna om vår mangslungne kulturarv og gjera han tilgjengeleg for framtidige generasjonar. Museum er viktige aktørar som medverkar til kunnskap, danning og kritisk refleksjon gjennom forvaltning og formidling av kulturarven. Vi ynskjer å styrkja museum for å lyfta kvaliteten på arbeidet deira og leggja til rette for vidare utvikling av sektoren, seier kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande.

Hovuddelen av auken gjeld nybygget for Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design på Vestbanen, som skal opnast for publikum hausten 2020. Dette er den største satsinga på museum og visuell kunst i 2020, og eit løft for heile museumsnoreg, jamfør eiga pressemelding.

I tillegg er det gjort framlegg om å gje ei rekke andre viktige kulturarenaer auka løyvingar:

  • Vest-Agder-museet: 5 millionar kroner for å tryggja varig drift, vedlikehald og formidling av veteranskipet DS Hestmanden
  • Lillehammer museum: 7 millionar kroner for å vidareføra drifta av Postmuseet
  • Museet Midt: 1 million kroner for vidare arbeid med å utvikla Trønderrockmuseet
  • Statsraad Lehmkuhl: 6 millionar kroner for å handtera kostnader til vedlikehald og klargjering av skipet før den store jordomseglinga i 2021-23, i samband med havsatsingstiåret
  • Knut Hamsun si diktarstove på Nørholm: 1,5 millionar kroner til å setja i stand boksamlinga
  • Jakob Sande-senteret i Fjaler: 1 million kroner for å utvikla senteret
  • Kunstnernes hus: 1,1 million kroner slik at institusjonen kan utvida utstillings- og formidlingsverksemda

Fleire museum får i budsjettet auka løyvingar knytte til nye bygg/ formidlingsarenaer:

  • Nordlandsmuseet, Jektefartsmuseet i Bodø: 1 million kroner
  • Sør-Troms Museum, Trondenes mellomaldergard ved Harstad: 750 000 kroner
  • Museum Nord, Hurtigrutemuseet på Stokmarknes: 650 000 kroner
  • Jærmuseet, Vitenfabrikken på Sandnes og studiemagasin på Kvia: 850 000 kroner
  • Norsk Folkemuseum, rehabilitert bygg for byutstillinga: 750 000 kroner

I tillegg vert det gjort framlegg om å gje løyvingar til arbeid med mangfald og inkludering i enkelte museer:

  • Oslo Museum: 1 million kroner
  • Stiklestad Nasjonale Kultursenter: 1,7 million kroner
  • Nord-Troms Museum: 300 000 kroner