Historisk arkiv

Norsk matkveite: Frå 0 til 75 prosent sjølvforsyning på 30 år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Denne veka har FN sitt høgnivåmøte om berekraftige matsystem. Sentralt i dette er at kvart einskilt land må nytte ut det potensialet landet har for matproduksjon.

Trass i krevjande dyrkingstilhøve er Noreg sjøvforsynt med det meste av kvardagsmaten. I vanleg gode kornår er om lag 70-75 prosent av matkveiten norskprodusert. Men meir nedbør og vanskelege innhaustingstilhøve har skapt problem for kornbøndene dei seinare åra.

Forskingsprosjektet MATKVEITE har som mål at ein større del av norsk kveite kan nyttast som matkveite i bakeindustrien.

Mange matplanter lét seg ikkje dyrke i Noreg

Noreg er eit krevjande land for matproduksjon. Vi har svært lite dyrkajord, berre om lag 3 prosent av land-areralet. Til samanlikning er 66 prosent av arealet i Danmark dyrkajord. Mange matplanter lét seg ikkje dyrke i det kalde og våte klimaet vi har. Matkorn kan berre dyrkast på den beste tredjeparten av dyrkajorda vår.

Sjølvforsynt med det meste av kvardagsmaten

Likvel er Noreg i stor grad sjølvforsynt med det meste av kvardagsmaten: Mjølk og mjølkeprodukt, kjøtt, egg, matkorn, poteter, kål, gulrot mv. Meir enn 80 prosent av fôret til norske husdyr er produsert i Noreg. Det norske jordbruksarealet har vore stabilt rundt 10 millionar dekar i alle år sidan 1950-talet, og den samla matproduksjonen i Noreg har aldri vore større enn i dag.

Når det likevel ofte er framme tal som viser at den totale sjølvforsyningsgraden vår er under 50 prosent, skuldast dette at denne statistikken måler energi/kalori-innhaldet i maten. Då gir kaloririke matvarer som vi ikkje kan dyrke i Noreg store utslag. Det gjeld til dømes sukker, ris, ulike slag frukt mv.

1970: Godt som all matkveiten i Noreg vart importert

Fram til midt på 1970-talet var bakekvaliteten på det norske kveitemjølet så dårleg at godt som all matkveiten i Noreg vart importert. Mesteparten av kveiten kom frå Nord Amerika, og denne importerte kveiten hadde veldig god bakekvalitet.

Den norske mølle- og bakeindustrien vart tilvant denne gode kvaliteten og norske forbrukarar vart så vant til brødet som vart baka av det importerte råstoffet at nordamerikansk kveitekvalitet vart den standarden norsk kveiteproduksjon måtte freiste å strekke seg etter for å bli akseptert i marknaden. Slik er det framleis i dag.

Godt samarbeid blir til god mathvete.
Godt samarbeid blir til god mathvete. Foto: Graminor

2000-talet: Sjølforsyning for matkveite på over 70 prosent

Som resultat av forsknings- og foredlingsarbeid over flere tiår nådde Noreg 30 år seinare, midt på 2000-talet, ei sjølforsyning for matkorn på over 70 prosent. Det vart utvikla nye kveitekornsortar som var meir motstandsdyktige mot sjukdommar, og som tålte betre norsk klima med fuktige tilhøve under innhaustinga.  

Varmare og våtare

Men dei seinare åra har norskandelen gått nedover på grunn av fleire år med mykje nedbør om hausten og vanskelege innhaustingstilhøve. Haustane har blitt varmare og våtare.

Sidan 2009 har sjølvforsyningsandelen vore svært varierande og har lege mellom 19 og 61 prosent avhengig av veret om hausten. Regn i innhaustingsperioden gjer at kornet tek til å gro i akset før hausting, og dermed blir stivelsen i kveitekornet brote ned. Dette øydelegg bakeeigenskapane til mjølet.

Samarbeidsprosjektet MATKVEITE

Nå er det i gang eit stort samarbeidsprosjektet MATKVEITE, der heile kjeden frå forsking til dyrking og bakebransjen er med. Målet er å auke andelen norskprodusert matkveite i sesongar med vanskelege vertilhøve.

FNs bærekraftmål nr 2 Utrydde sult.
FNs berekraftsmål 
FNs 17 berekraftsmål fram mot 2030 vart vedtatt av Høynivåforumet for berekraftig utvikling som vart halde under FNs Generalforsamling i september 2015. Måla er universelle og gjeld for alle land, også Noreg. Som eit av dei første landa skal Noreg rapportere til FN om korleis vi følgjer opp berekraftsmåla. Landbruks- og matdepartementet har koordineringsansvaret for FNs berekraftsmål nr 2: Utrydde svolt, oppnå mattryggleik og betre ernæring, og fremje berekraftig landbruk.