Historisk arkiv

Vil realisere næringspotensialet som ligg i havet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Nærings- og fiskeridepartementet

Regjeringa vil styrkje Noreg sin profil som ein leiande havnasjon, og løyvar pengar til meir kunnskap om nye marine artar og arktis.

- I åra som kjem skal Noreg utvikle ein ny havbasert industri. I budsjettet foreslår vi derfor å løyve pengar til å auke den blå kunnskapen. Det skjer både ved å auke løyvinga til forsking, og ved å styrkje forskingsmiljøa. Vi har lagt frem ein havstrategi som skal bidra til å realisere næringspotensialet som ligg i havet, no følgjer vi opp, seier fiskeriminister Per Sandberg (FrP).

I budsjettet fremmar regjeringa fleire forslag som følgjer opp havstrategien som blei lagd i vår.

Viktige tiltak:

  • Regjeringa foreslår å styrkje satsinga på havbruksforsking og kunnskap om nye marine artar med 14 millionar kroner.
  • Ressursforsking og -overvaking er foreslått styrkja med 11 millionar kroner gjennom ein auke i inntektene frå fiskeriforskingsavgifta.
  • Regjeringa foreslår å løyve 11 millionar kroner til eit forskingstokt til Antarktis vinteren 2018-2019. Målet med toktet er å få betre kunnskapar om krillbestanden for å kunne utnytte næringspotensialet for hausting av krill betre.
  • Regjeringa vil samle dei marine miljøa i Bergen for å realisere næringspotensialet i havet og langs kysten, og foreslår å løyve 10 millionar kroner til vidare utgreiing av ei samlokalisering.
  • Regjeringa foreslår å løyve 5 millionar kroner til eit nytt senter for hav og arktiske spørsmål i Tromsø.

Blå næringar får betre tilgang på verkemiddel

- Sidan regjeringa tiltredde i 2013 har løyvingane til marin forsking auka med over 370 millionar kroner. Den satsinga vil vi halde fram med. Gjennom statsbudsjettet for neste år vil vi også auke løyvinga til Innovasjon Norge for å styrkje Noreg sin profil som leiande havnasjon, seier næringsminister Monica Mæland (H).

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til Innovasjon Noreg med 10 millionar kroner for å styrkje Noreg sin profil som leiande havnasjon. Regjeringa foreslår også ei løyving på 30 millionar kroner til marine og maritime pilot- og demonstrasjonsprosjekt gjennom Innovasjon Noreg. Satsinga skal bidra til å redusere kostnadar og risiko for testing og demonstrasjon av ny teknologi og nye løysingar.