Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2017:

Redningsselskapet vil bli kompensert ved mogleg kostnadsauke

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

– Redningsselskapet gjer ein viktig innsats for tryggleiken langs kysten og er ein viktig del av redningsressursane våre. Difor vil regjeringa kompensere Redningsselskapet dersom dei får auka utgiftene sine som følgje av endra reglar for utrekning av differensiert arbeidsgivaravgift, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Som følgje av ei avgjerd i EFTA-domstolen (ESA) er reglane for utrekning av differensiert arbeidsgivaravgift endra. Dette ga Redningsselskapet ein uventa kostnadsauke på 9,4 millionar kroner i 2016, som dei blei kompensert for i revidert nasjonalbudsjett for 2016.

Då det no er uklart Redningsselskapet får auka sine utgifter som følgje av dei endra reglane også i 2017, er det ikkje foreslått midlar i statsbudsjettet for 2017 til å kompensere for dei same utgiftene neste år. Det endelege utfallet av saken for Redningsselskapet er avhengig av ytterlegare undersøkingar i regi av ESA. Dersom Redningsselskapet får auka sine utgifter som følgje av dei endra reglane også i 2017, vil regjeringa kome tilbake til dette i revidert nasjonalbudsjett 2017.

 

For fleire opplysningar - sjå: