Historisk arkiv

Statsrekneskapen for 2007 lagt fram

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Finansdepartementet

Det oljekorrigerte underskotet i statsrekneskapen for 2007 vart 1,3 milliardar kroner. Det er 1,5 milliardar kroner mindre enn i nysaldert budsjett, vedteke i desember 2007. Reduksjonen i det oljekorrigerte underskotet kjem i hovudsak av at dei faktiske skatte- og avgiftsinntektene vart 1,5 milliardar kroner høgare enn berekna i nysalderinga.

Det oljekorrigerte underskotet i statsrekneskapen for 2007 vart 1,3 milliardar kroner. Det er 1,5 milliardar kroner mindre enn i nysaldert budsjett, vedteke i desember 2007. Reduksjonen i det oljekorrigerte underskotet kjem i hovudsak av at dei faktiske skatte- og avgiftsinntektene vart 1,5 milliardar kroner høgare enn berekna i nysalderinga.

Under handsaminga av nysaldert budsjett i desember 2007 vedtok Stortinget den røynlege overføringa på 2,8 milliardar kroner frå Statens pensjonsfond – Utland til statsbudsjettet, tilsvarande det oljekorrigerte underskotet i nysalderinga. Det oljekorrigerte underskotet vart 1,3 milliardar kroner i rekneskapen, og statsrekneskapen vert dermed gjort opp med eit overskot på 1,5 milliardar kroner.

Overskotet i Statens pensjonsfond — Utland vart 387,9 milliardar kroner. Samla overskot i statsbudsjettet og Statens pensjonsfond — Utland vert 389,3 milliardar kroner.

Bruken av petroleumsinntekter, målt ved det strukturelle, oljekorrigerte underskotet for 2007, er no rekna til 57,8 milliardar kroner. Det er 13,2 milliardar kroner lågare enn anslaget i Nasjonalbudsjettet 2007 og 0,8 milliardar kroner lågare enn rekna i nysalderinga. Det strukturelle, oljekorrigerte underskotet kjem fram ved at den oljekorrigerte budsjettbalansen mellom anna vert korrigert for verknaden av konjunkturane på budsjettets utgifts- og inntektsside og for endringar i rekneskapstilhøve.

Rekneskapstala for Statens pensjonsfond — Utland syner at netto inntekter frå oljeverksemda vart 316,4 milliardar kroner. Av desse vart 2,8 milliardar kroner ført tilbake til statskassa, slik Stortinget vedtok ved nysalderinga av 2007-budsjettet. Overskotet i Statens Pensjonsfond – Utland vart 387,9 milliardar kroner. Då er renteinntekter og utbyte på 74,3 milliardar kroner omfatta.

Bokførd verdi av kapitalen i Statens pensjonsfond — Utland auka med 235,7 milliardar kroner, frå 1 782,8 milliardar kroner per 31.12.2006 til 2 018,5 milliardar kroner per 31.12.2007. Forutan overskotet på 387,9 milliardar kroner, er verdien av fondet auka med 2,4 milliardar kroner i samband med at staten har løyst inn aksjar i Statoil ASA i 2007. Omvurderingar har redusert verdien av fondet med 154,7 milliardar kroner, i hovudsak som følgje av ei styrking av kronekursen i 2007. Endring i valutakursen påverkar ikkje den internasjonale kjøpekrafta av fondet.

 

Hovudtal frå statsrekneskapen 2007
(Tal i mill. kroner)

Saldert
 budsjett (RNB)

Nysaldert
 budsjett

Rekneskap

1. Statsbudsjettet

 

 

 

Inntekter i alt

1 026 144

1 028 157

1 030 124

  Inntekter frå petroleumsverksemda

384 493

341 006

337 446

  Inntekter utanom petroleumsverksemda

641 651

687 151

692 678

Utgifter i alt

715 393

711 266

715 077

  Utgifter til petroleumsverksemda

19 600

21 306

21 056

  Utgifter utanom petroleumsverksemda

695 793

689 961

694 021

= Statsbudsjettet sitt oljekorrigerte overskot

-54 142

-2 810

-1 342

+ Overført frå Statens pensjonsfond — Utland

54 142

2 810

2 810

= Statsbudsjettet sitt overskot før lånetransaksjonar

0

0

1 468

 

 

 

 

2. Statens pensjonsfond – Utland

 

 

 

Statsbudsjettet sin netto kontantstrøm frå petroleumsverksemda

364 893

319 700

316 389

- Overført til statsbudsjettet

54 142

2 810

2 810

+ Renteinntekter og utbyte i fondet

75 300

76 500

74 302

= Overskot i Statens pensjonsfond — Utland

386 051

393 390

387 881

 

 

 

 

3. Samla overskot på Statsbudsjettet og Statens pensjonsfond — Utland

386 051

393 390

389 349