Historisk arkiv

Trepartsavtalen for forvaltning av makrell i Nordaustatlanteren

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

Makrell
Forvaltninga av makrell har ofte vore prega av støy. Fram til og med 2009 forvalta kyststatane Noreg, EU og Færøyane bestanden i fellesskap. For 2010 har partane hittil ikkje greidd å komme fram til ei løysing, og det finst derfor p.t. ikkje ein gyldig kyststatsavtale.

Den opphavlege fordelingsstrukturen mellom partane, før den gamle kyststatsavtalen havarerte, var som følgjer: EU - 61,78 %, Noreg - 28,21 %, Færøyane - 4,92 %, Russland - 4,78 % og Island - 0,31 %. Russland og Island vart ikkje sett på som kyststatar og fekk tildelt sine fiskerettar via NEAFC-reguleringa for internasjonalt farvatn. Island har alle dei seinare åra reservert seg mot NEAFC-reguleringa.

Sidan 2007 har det vore mogleg å fange betydelege mengder makrell i islandsk sone, og Island fiska i 2009 ca. 115.000 tonn makrell utanom kyststatsavtalen. Dette fisket er ikkje berekraftig og inneber ei stor ekstrabelastning på bestanden.

I mangel på ein full kyststatsavtale inngjekk Noreg og EU som dei to største interessentane i makrellbestanden i januar 2010 ein 10-årig avtale om fordeling og forvaltning av makrellen. Avtalen inneber mellom anna:

  • Konstant forhold mellom Noreg og EU sine eigardelar tilsvarande 1: 2,19. Dette gir ein noko høgre del til Noreg enn den gamle avtalen fordi EU sin sørlege komponent er blitt inkludert i berekningsgrunnlaget. I praksis betyr avtalen at EU betalar 2,19 gonger så mykje som Noreg av ‖kostnadene‖ med å inkludere Island og eventuelt auke Færøyane sin eigardel.
  • Utstrakt gjensidig sonetilgang i farvatna til kvarandre.

I tillegg vil Noreg arbeide for å komme fram til ein kyststatsavtale som omfattar alle interessentar; dvs. ein firepartsavtale som også omfattar Færøyane og Island og fjernfiskenasjonen Russland. Første runde i desse forhandlingane vart haldne i Ålesund i mars 2010. Dette er første gong Island er invitert til å delta på lik linje med dei opphavlege kyststatane. I tillegg er Russland invitert som observatør, fordi Russland tradisjonelt har fiska makrell i internasjonalt farvatn. Hovudproblemstillinga i forhandlingane er å komme fram til ei ny fordeling av eigardelar og sonetilgang i farvatna til dei respektive partane. Målet er å sikre ein stabil og langsiktig avtale om forvaltning av makrell som legg til rette for ei vidare berekraftig forvaltning av makrell i Nordaustatlanteren.

Sist oppdatert 11.02.2010

Til toppen