Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Styrking av folkebiblioteka

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kulturdepartementet

– Vi ønskjer å gi folkebiblioteka eit enda klårare samfunnsoppdrag som arena for læring og kulturopplevingar. Vi foreslår difor å tydeleggjere folkebiblioteka sitt formidlingsoppdrag og at dei skal vere lokale møteplassar, seier kulturminister Hadia Tajik.

– Vi ønskjer å gi folkebiblioteka eit enda klårare samfunnsoppdrag som arena for læring og kulturopplevingar. Vi foreslår difor å tydeleggjere folkebiblioteka sitt formidlingsoppdrag og at dei skal vere lokale møteplassar, seier kulturminister Hadia Tajik.

- Regjeringa vil leggje til rette for robuste, omstillingsdyktige folkebibliotek slik at alle innbyggjarane i landet kan få gode bibliotektenester, seier kulturminister Tajik.

Regjeringa la i dag fram forslag om endringar i lov om folkebibliotek. Lovforslaget følgjer opp St.meld. nr. 23 (2008-2009) Bibliotek. Kunnskapsallmenning, møtestad og kulturarena i ei digital tid.

Folkebiblioteka har dei siste åra styrkt funksjonen som eit lågterskeltilbod for tilgang til informasjon og som sosialt treffpunkt. Biblioteka er ein viktig arena for inkludering fordi dei er tilgjengelege for alle.  

I lova blir det framleis stilt krav om fagutdanna biblioteksjef. Det er nødvendig for å sikre at kvart enkelt folkebibliotek har nødvendig og fullgod kompetanse. Høve til å gi fast dispensasjon frå kravet om fagutdanna biblioteksjef skal behaldast. Den midlertidige dispensasjonsordninga skal fjernast fordi ho har fungert mot formålet sitt.  Kommunane vil frå første stund kunne satse på og utvikle den som vert tilsett i stillinga som biblioteksjef.

Proposisjonen foreslår også at krava til fagutdanna biblioteksjef skal reviderast. Dette vil mellom anna føre til at det blir mogleg å gjennomføre høveleg utdanning med fleire  fagkombinasjonar enn i dag.

Fleire andre krav til både organisering og oppgåver i kommunen og fylkeskommunen er foreslått fjerna. Lovforslaget inneber betre fleksibilitet for kommunal og fylkeskommunal sektor. Kravet om at kommunane skal eigne fylkebibliotek blir fjerna slik at lova reflekterer den faktiske situasjonen i fylkeskommunane. Samstundes blir det stilt krav til funksjonar som fylka skal oppfylle og krav om bibliotekfagleg kompetanse på leiarnivå i fylkeskommunane.

Krav til at fylka skal vareta fjernlånverksemda og krav om samarbeid med skolebibliotek er tatt ut av lova. Fylka må sjølv bestemme om dei kan oppfylle desse funksjonane. Dessutan blir det fleire ”kan”-reglar, dvs. oppgåver som kommunane og fylkeskommunane framleis står fritt til å utføre, men som det ikkje er noko krav om at dei skal gjere.

Til toppen