§ 1 - Statens Bankinvesteringsfond – forholdet til offentleglova

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Justis- og politidepartementet

Saksnummer: 2000/09842 EO TME/TFJ

 

Dato: 08.09.2000

 

Statens Bankinvesteringsfond – forholdet til offentleglova

Vi viser til brev 27. juni 2000, der Finansdepartementet ber Lovavdelinga vurdere om Statens Bankinvesteringsfond (Investeringsfondet) er omfatta av lov 19. juni 1970 nr. 69 om offentlighet i forvaltningen (offentleglova).

Spørsmålet er om Statens Bankinvesteringsfond er eit «forvaltningsorgan» etter offentleglova § 1 første ledd første punktum. Ifølgje andre punktum omfattar uttrykket forvaltingsorgan «ethvert organ for stat eller kommune».

Investeringsfondet har status som eige rettssubjekt, jf. lov 29. november 1991 nr. 78 om Statens Bankinvesteringsfond (bankinvesteringsfondlova) § 3 første ledd første punktum. Dette talar isolert sett for at offentleglova ikkje gjeld, men spørsmålet må vurderast konkret. Viktige moment vil vere graden av økonomisk og organisatorisk tilknyting til det offentlege, arten av verksemda, om verksemda har faktisk eller rettsleg monopol, og i kva grad verksemda er ein reiskap for offentleg politikk, jf. St.meld. nr. 32 (1997-98) Om offentlighetsprinsippet i forvaltningen s. 41.

Formålet med Investeringsfondet er ”å bidra med ansvarlig kapital til norske banker med utgangspunkt i forretningsmessige vurderinger”, jf. bankinvesteringsfondlova § 1 første ledd første punktum. Fondet vart saman med Statens Banksikringsfond, skipa som følgje av bankkrisa på slutten av åttitalet og byrjinga av nittitalet. Målet var å styrke soliditeten og auke innteninga til bankane, sjå Ot.prp. nr. 8 (1991-92) s. 3. Begge fonda vart oppretta for å realisere ei politisk målsetjing om å sikre tillita til det finansielle systemet hos innskytarar og investorar i inn- og utland. Investeringsfondet inngår såleis som eit ledd i den økonomiske politikken, noko som trekkjer klart i retning av at offentleglova gjeld.

Investeringsfondet skal ta del ved nyteikning av ansvarleg kapital i norske bankar, og forvalte og selje ut delar av dei statlege eigedelane i bankane. Dette skal skje med utgangspunkt i forretningsmessige vurderingar, noko som inneber at Investeringsfondet skal stille dei same krava til avkasting som private investorar, jf. Innst. O. nr. 14 – (1991-92) s. 22 andre spalte. Verksemda ved Investeringsfondet kan likevel ikkje likestillast med privat investeringsverksemd. Hovudformålet med Investeringsfondet er ikkje å maksimere den investerte kapitalen, men å medverke til ein tilfredsstillande eigenkapitalsituasjon i norske bankar. Etter forarbeida skal Investeringsfondet vere et supplement til private investorar, og ikkje konkurrere med private på vanleg måte, jf. Ot.prp. nr.8 (1991-92) s. 31 andre spalte. Samla sett talar arten av verksemda for at Investeringsfondet er eit forvaltingsorgan etter offentleglova.

Organisatorisk og økonomisk er det tette band mellom staten og Investeringsfondet. Fondet er oppretta av staten med statlege midlar, og det er Kongen som oppnemner styre og avgjer kven som skal vere styreleiar og nestleiar. Stortinget har i lovs form fastsett korleis midlane til Investeringsfondet kan nyttast, og Kongen kan i særlege tilfelle instruere styret i enkeltsaker. Det er dessutan Kongen som fastset den årlege avkastinga av kapitalen som skal betalast til staten. Vidare skal fondet utarbeide årsrekneskap og årsmelding som dannar grunnlaget for departementet sin informasjon overfor Stortinget. Kongen har kompetanse til å avvikle eller omdanne fondet, og heile eller delar av kapitalen kan i så fall tilfalle statskassa. Alt dette er forhold som peiker  i retning av at Investeringsfondet er eit forvaltingsorgan.

Ifølgje bankinvesteringsfondlova § 8 gjeld ikkje forvaltingslova for Investeringsfondet, bortsett frå reglane om inhabilitet og teieplikt. Det er ikkje gjort tilsvarande unntak frå offentleglova, noko som kan tyde på at den skal gjelde.

Vår konklusjon er etter dette at Statens Bankinvesteringsfond er eit ”forvaltingsorgan” som er underlagt offentleglova.