§ 1 - Statens Bankinvesteringsfond – forholdet til offentleglova

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Justis- og politidepartementet

Saksnummer: 2000/09842 EO HI/TFJ

 

Dato: 27.08.2003

 

Statens Bankinvesteringsfond – forholdet til offentleglova

Vi viser til Nærings- og handelsdepartementets brev 24. juli 2003 til Riksrevisjonen, som vi mottok gjenpart av.

I brevet gir Nærings- og handelsdepartementet uttrykk for at Statens Bankinvesteringsfond ikkje kan reknast som forvaltingsorgan etter offentleglova § 1. I vår tolkingsfråsegn 18. august 2000 til Finansdepartementet gav vi uttrykk for det motsette synet.

Etter vår oppfatning er drøftinga til Nærings- og handelsdepartementet ikkje overtydande. I drøftinga blir det utelukkande fokusert på at verksemda til bankinvesteringsfondet har endra karakter sidan fondet vart oppretta. Vi vil for vår del presisere at dette er eit forhold som vi var klar over då vi gav vår tolkingsfråsegn, og understreker samstundes at dette berre er eitt av fleire moment ved den samla vurderinga. I vår tolkingsfråsegn peika vi på ei rekke andre moment som med styrke talar for at Statens Bankinvesteringsfond er å rekne som forvaltingsorgan etter offentleglova.