§ 12 - Spørsmål om tolkinga av offentleglova § 12 bokstav b med meir

Saksnr. 201008205 EO KRY/OKL
Dato: 01.03.2011

 

Spørsmål om tolkinga av offentleglova § 12 bokstav b med meir


Innleiing
Vi viser til brev 30. juni 2010 frå Samferdselsdepartementet, der det blir bede om ei vurdering av einskilde spørsmål om behandling av krav om dokumentinnsyn. Bakgrunnen for brevet hit er eit avslag frå Post- og teletilsynet på krav om innsyn i alle dokument som gjeld førespurnad frå politiet eller påtalemakta om fritak frå tilbydar si lovpålagte teieplikt.

Dersom det blir gjort unntak frå innsyn for opplysningar som er omfatta av teieplikt, er det offentleglova § 13 fyrste ledd som er unntaksheimelen. I avslaget skal det samstundes også visast til den føresegna som medfører teieplikt for dei aktuelle opplysningane, jf. offentleglova § 31 fyrste ledd tredje punktum. Post- og teletilsynet (PT) har vist til politilova § 24. Vi har vondt for å skjøne at denne føresegna medfører teieplikt for PT om førespurnadene. Teieplikta følgjer av politilova § 17 f eller straffeprosesslova § 216 i.

Sidan unntaket for opplysningar som er omfatta av teieplikt, berre gjeld for opplysningar, må normalt eit av vilkåra i offentleglova § 12 vere oppfylt dersom det skal gjerast unntak for heile dokument med grunnlag i teieplikt.  

Offentleglova § 12 bokstav b
Eit av spørsmåla er om ein kan gjere unntak for resten av dokumentet (det som ikkje er omfatta av teieplikt) med grunnlag i offentleglova § 12 bokstav b.

Ut frå det som er opplyst hit, er det uklart om det i avslaget frå Post- og teletilsynet er nytta nokon annan heimel for unntak frå innsyn enn offentleglova § 12 bokstav b. Offentleglova § 12 åleine gir ikkje grunnlag for å nekte innsyn, men opnar berre for at det i visse tilfelle kan gjerast unntak for heile dokument, sjølv om unntaksføresegna som elles blir nytta i saka, berre opnar for unntak for opplysningar eller delar av dokumentet.

Offentleglova § 12 bokstav b opnar for at det kan gjerast unntak for resten av eit dokument når det vil vere ”urimeleg arbeidskrev¬jande” for organet å skilje ut dei delane av dokumentet det elles skal gjerast unntak for. Føresegna kan vere aktuell når det blir kravd innsyn i store dokument, og dei opplysningane det kan gjerast unntak for, er spreidde over store delar av dokumentet. Ho har såleis eit relativt snevert verkeområde. Sjå om dette i Rettleiar til offentleglova side 70 andre avsnitt. Offentleglova § 12 bokstav b kan ikkje brukast av omsyn til arbeidet og tida som går med til gjennomlesing av dokument og vurdering av sjølve unntakshøvet. Der det er bede om innsyn i fleire dokument, må vilkåra i § 12 bokstav b vere oppfylte for kvart einskilt dokument.

Vi kjenner ikkje til korleis dei aktuelle dokumenta ser ut, men tillét oss likevel å gjere merksam på offentleglova § 12 bokstav c.

Offentleglova § 28 andre ledd
Etter offentleglova § 28 andre ledd kan ein ”i rimeleg utstrekning” krevje innsyn i saker av ein bestemt art. Uttrykket ”i rimeleg utstrekning” tek sikte på den arbeidsbyrda organet får når det skal handsame kravet. I merknaden til føresegna i Ot.prp. nr. 102 (2004-2005) har ein nemnt tilfelle der organet ikkje har teknologiske verktøy for å finne fram til sakene, men må gjere det manuelt. Vi reknar med at føresegna kan gje grunnlag for å nekte innsyn også i tilfelle der kravet er så omfattande at arbeidsmengda som ville gått med til å handsame det, er større enn det ein ”i rimeleg utstrekning” kan krevje (sjølv om det nok skal mykje til). Ein kan ikkje nekte innsyn i fleire mindre krav etter denne føresegna fordi dei samla sett over tid kjem opp i eit stort omfang.

Handsaming av innsynskrav
Det følgjer av offentleglova § 29 fyrste ledd fyrste punktum at alle innsynskrav skal vurderast ”konkret og sjølvstendig”. Kvart krav må såleis vurderast for seg, og skal avgjerast utan ugrunna opphald, jf. § 29 fyrste ledd andre punktum. For store innsynskrav må ein kunne godta at handsaminga av kravet tek lengre tid enn utgangspunktet på ein til tre dagar, jf. rettleiaren punkt 9.3. Det er ikkje høve til å utsetje hand¬saminga av innsynskrav fordi ein ventar fleire krav som gjeld same sak. (Når det gjeld vurderinga av unntakshøvet, må ein derimot kunne sjå dei ulike dokumenta i samanheng. Ved vurderinga av om noko kan vere omfatta av teieplikt må ein dessutan ta omsyn til faren for krysskopling med opplysningar frå andre dokument som det er gjeve innsyn i.)

Dersom det ligg føre ein heimel for unntak frå innsyn, men det ikkje er tale om opplysningar som er omfatta av teieplikt, skal meirinnsyn alltid vurderast, jf. offentleglova § 11. Det er ikkje aktuelt med meirinnsyn for opplysningar som er omfatta av teieplikt. Ingen av dei konkrete unntaksreglane i offentleglova byggjer på omsynet til forvaltninga sin ressursbruk ved handsaminga av kravet. Etter vår vurdering kan det såleis etter alt å døme ikkje leggjast vekt på dette omsynet i ei meirinnsynsvurdering.

Betaling for innsyn
Hovudregelen etter offentleglova § 8 er at det ikkje skal koste noko å bruke innsynsretten, men det er fastsett einskilde reglar om høve til å krevje betaling i offentlegforskrifta § 4. Etter forskrifta § 4 fjerde ledd kan det krevjast betaling for informasjon som blir produsert eller lagt til utelukkande for å dekkje eit behov hjå eksterne aktørar. Slik informasjon ligg utanfor kjerneområdet for innsynsretten. Det er ikkje høve til å krevje betaling etter denne føresegna for utlevering av informasjon som alt eksisterer, eller som organet utarbeider som ein vanleg del av verksemda si. Sjå nærare om dette i rettleiaren side 61-62. Offentlegforskrifta § 4 har også reglar om høvet til å ta betaling for store mengder papirkopiar med meir.