§ 13 - Innsyn etter offentleglova - spørsmål om teieplikt

Saksnr: 200900781 EO OKL
Dato: 18.02.2009

 

Innsyn etter offentleglova – spørsmål om teieplikt


Justisdepartementets lovavdeling viser til brev frå Arbeids- og inkluderings-departementet, datert 2. februar 2009, med spørsmål om opplysningar vedrørande kontonummer m.m. for dei som har ytt bistand til nordsjødykkarane, er omfatta av teieplikt.

Lovavdelinga held fast ved det som er sagt i det nemnde brevet 5. desember 1995 til Kulturdepartementet, saksnummer 199508482, om at private kontonummer er omfatta av teieplikta etter forvaltningslova § 13 fyrste ledd nr. 1. Det er følgjeleg ikkje høve til å gje innsyn i opplysningar som opplyser om slike kontonummer, jf. offentleglova § 13 fyrste ledd. Unntak kan, på lik line med kva som gjeld for enkelte andre opplysningar som er omfatta av teieplikt, tenkjast dersom kontonummeret alt er offentleg kjent, men dette vil sjeldan vere aktuelt.

Lovavdelinga har sett på den nemnde uttala frå Sivilombodsmannen, men finn ikkje at det som går fram der, gjev grunnlag for ein annan konklusjon. Bankkontonummer har karakter av å vere typisk personleg informasjon, og det vil i mange samanhengar medføre stor utryggleik for den enkelte om slike nummer skulle vere opne for innsyn. Lovavdelinga legg i denne vurderinga mellom anna vekt på dei farane for misbruk og kriminelle handlingar som oppstår dersom nokon får tilgang til kontonummer og kan kombinere dette med personopplysningar som ikkje er omfatta av teieplikt, som namn og personnummer.

Det kan derimot ikkje sluttast ut frå dette at dei kontonumra det er tale om i saka her, er omfatta av teieplikt. Teieplikta etter forvaltningslova § 13 nr. 1 gjeld ”noens personlige forhold”, og omfattar såleis berre opplysningar som gjeld enkeltpersonar. Konton-ummer tilhøyrande næringsdrivande, bedrifter, organisasjonar, offentlege organ osv. er såleis ikkje omfatta av denne føresegna om teieplikt. Det er heller ingen andre generelle reglar om teieplikt som omfattar slike kontonummer.

I denne saka får dette den konsekvens at kontonummeret til Nordsjødykker Alliansen ikkje er omfatta av teieplikt. Det same må etter Lovavdelinga si vurdering vere tilfellet for konto¬n¬ummeret til den aktuelle rådgjevaren/etterforskaren, då denne latar til å ha ytt tenester til alliansen i næringsverksemd og nytte det aktuelle konto¬nummeret i denne saman¬hengen.

Med omsyn til opplysningane om at den aktuelle rådgjevaren har ytt tenester for Nordsjødykker Alliansen og om vederlaget for dette, viser Lovavdelinga i all hovudsak til det som er sagt i brev 10. februar 2005 til Arbeids- og sosialdepartementet, saksnummer 200501166, og legg til grunn dei vurderingane som går fram av dette. Det skal leggjast til at etter det som er opplyst, stammar pengane som er utbetala frå alliansen til rådgjevaren frå offentlege instansar; dei er løyva av Stortinget. Dette må då, i samsvar med det er som sagt i brevet frå 2005, reknast som godtgjering motteke frå offentleg instans, og Lovavdelinga legg til grunn at opplysningane om vederlaget såleis ikkje er omfatta av teieplikt. Tilsvarande må gjelde for medfølgjande opplysningar om namn og liknande. 

Det kan etter Lovavdelinga si vurdering følgjeleg ikkje gjerast unntak frå innsyn korkje for opplysningar om utbetalingar som dette, eller for dei tilhøyrande kontonumra, på grunnlag av teieplikt.