§ 13 - Vurdering av teieplikt og tolking av offentleglova § 13 tredje ledd

Saknr. 201004732 EO KRY/OKL
Dato: 25.05.2010

Vurdering av teieplikt og tolking av offentleglova § 13 tredje ledd


Lovavdelinga i Justisdepartementet viser til brev frå Kulturdepartementet 22. mars 2010, der det blir bede om ei vurdering om tolkinga av offentleglova § 13 tredje ledd og korleis det stiller seg med bruken av denne føresegna i ei bestemt omtala sak. Saka gjeld innsynskrav i arkivmateriale om ”tyskarjenter”. Den som krev innsyn, har bede om at dersom materialet er omfatta av teieplikt, skal spørsmål om samtykke til at materialet likevel kan leverast ut, leggjast fram for dei som har krav på tystnad.

Det er ingen tvil om at opplysningar om at kvinner hadde status som ”tyskarjenter” eller var mistenkte for å være dette, og av den grunn var internerte på Hovedøya interneringsleir, er å rekne som opplysningar om ”personlige forhold”. Opplysningane er såleis oppfatta av teieplikt etter forvaltningslova § 13 fyrste ledd nr. 1, og det skal nektast innsyn i dei etter offentleglova § 13 fyrste ledd.

Når det gjeld spørsmålet om kva teieplikta omfattar, vil namn og alle andre opplysningar som kan identifisere kvinnene, vere omfatta. Dersom alle opplysningane på korta det blir kravd innsyn i, er av ein slik karakter at dei kan identifisere kvinnene, skal det etter offentleglova § 13 fyrste ledd gjerast unntak for heile kortet. Dersom korta òg inneheld andre opplysningar, må eventuelt unntak for heile kortet skje på grunnlag av offentleglova § 12.  

Offentleglova § 13 tredje ledd seier at dersom eit innsynskrav gjeld dokument som inneheld opplysningar som er underlagde teieplikt, og denne plikta fell bort dersom den som har krav på tystnad samtykkjer, skal innsynskravet saman med ei eventuell grunn-gjeving på oppmoding leggjast fram for vedkomande med ein høveleg frist til å svare. Etter ordlyden er det såleis tale om ei nokså absolutt plikt for forvaltningsorganet, når ein slik førespurnad kjem. Som Kulturdepartementet nemner, seier ikkje førearbeida til offentleglova noko om meir spesielle situasjonar som fell inn under ordlyden i denne føresegna, og det er ikkje sagt noko om når ho eventuelt ikkje skal gjelde.

Det følgjer likevel av sjølve ordninga at føresegna i § 13 tredje ledd må tolkast slik at det i nokre tilfelle ikkje gjeld noka plikt til å leggje spørsmålet om samtykkje framfor den som har krav på tystnad. I mange situasjonar kjenner organet ikkje det nye etternamnet på ein person, det veit ikkje kva for person ein skal ta kontakt med av di mange har same namn, eller det veit ikkje kvar personar oppheld seg. Det vil i slike tilfelle ikkje vere praktisk mogleg med nokon førespurnad. Samtykke vil i mange tilfelle heller ikkje vere aktuelt når opplysningane som er omfatta av teieplikt, gjeld døde personar eller personar som elles ikkje er i stand til å samtykkje sjølv. Det kan tenkjast at det ikkje er nokon som kan samtykkje, og det kan i mange tilfelle ikkje leggjast fram nokon førespurnad om samtykke for arvingar eller pårørande, sidan ein slik førespurnad i seg sjølv kan utgjere brot på teieplikta. Når slike situasjonar ligg føre, gjeld det etter vår vurdering ikkje noka plikt etter offentleglova § 13 tredje ledd til å ta kontakt med dei aktuelle kvinnene som har krav på tystnad, eller med pårørande eller arvingar til desse kvinnene.