§ 14-2 - Innsyn etter offentleglova og tvistelova

Saksnr. 200902483 EO KRY/OKL
Dato: 27.04.2009

 

Innsyn etter offentleglova og tvistelova


Lovavdelinga i Justisdepartementet viser til brev 31. mars 2009 frå Landbruks- og matdepartementet, der det blir stilt spørsmål rundt innsynsretten etter offentleglova for dokument som gjeld saker for forliksråd og domstolar.

Det fyrste spørsmålet gjeld det generelle tilhøvet mellom offentleglova og reglane om offentlegheit i tvistelova, meir konkret om det er høve til å få opplysningar frå forvaltninga etter offentleglova som ein ikkje kan krevje å få frå forliksråd eller domstol.

Etter offentleglova § 2 fjerde ledd gjeld ikkje lova for gjeremål domstolane har etter rettsstellovene (fyrste punktum) eller gjeremål andre organ har etter rettsstellovene i eigenskap av rettsstellorgan (andre punktum). Dersom ein ynskjer innsyn i dokument som gjeld slike gjeremål hjå slike organ, må ein såleis krevje dette på anna grunnlag enn offentleglova, og her vil innsynsreglane som følgjer av tvistelova vere sentrale. For innsyn i slike dokument hjå andre organ, gjeld derimot offentleglova. Det kan gjerast unntak frå innsyn etter offentleglova § 18 for dokument som eit organ har utarbeidd eller motteke som part i rettssak for norsk domstol, og dette vil òg omfatte saker for forliksrådet og saker der eit organ opptrer som partshjelpar.

Innsynsreglane i tvistelova er noko annleis oppbygde. Tvistelova § 6-9 fyrste ledd regulerar offentlegheita for møte i forliksrådet, medan § 14-1 gjeld innsynsretten for partane i ei sak etter tvistelova. Desse reglane gjeld såleis andre tilhøve enn det som er omfatta av reglane i offentleglova. Den mest sentrale føresegna om innsynsrett i tvistelova, er § 14-2. Denne gjeld direkte for saker for domstolane, medan § 6-9 andre ledd slår fast at det gjeld rett til innsyn i saksdokument og avgjerder frå forliksrådet så langt dette følgjer av kapittel 14. Etter § 14-2 fyrste ledd har ålmenta generelt rett til innsyn i rettsbøker, rettsmeklingsprotokollar, rettsavgjerder og sakskostnadsoppgåver. Slike dokument vil nok vere omfatta av ordlyden i offentleglova § 18, men det er sagt tydeleg i førearbeida til lova at sidan rettsavgjerder er offentlege hjå domstolane, er dei heller ikkje omfatta av unntaket i § 18, jf. Ot. prp. nr. 102 (2004-2005) s. 140 fyrste spalte. Det same må gjelde for dei andre dokumentkategoriane som er omfatta av tvistelova § 14-2 fyrste ledd.

Etter tvistelova § 14-2 andre ledd gjeld det vidare innsynsrett hjå domstolane for ein del bestemte saksdokument. Denne innsynsretten gjeld etter § 14-5 fyrste ledd fyrste punktum etter kvart som dokumenta kjem inn til retten, men dette gjeld berre i saker som ikkje blir handsama fullt ut skriftleg. Dersom saka derimot blir handsama fullt ut skriftleg, gjeld ikkje innsynsretten før saka er avgjort i instansen, jf. § 14-2 tredje ledd og § 14-5 fyrste ledd andre punktum. Dokumenta som er omfatta av desse innsynsreglane er, dersom dei er hjå ein part det kan krevjast innsyn hjå etter offentleglova, omfatta av unntaket i offentleg¬¬lova § 18. Det kan òg gjerast unntak etter tvistelova frå innsyn hjå retten. Vilkåra for det følgjer av § 14-4, sjå særleg andre ledd. Dei alternativa som kan gje grunnlag for unntak etter tvistelova § 14-4, vil òg vere typiske grunnar som tilseier å gjere unntak etter offentleglova § 18.

Tvistelova gjev såleis berre rett til innsyn for enkelte bestemte dokument, det finst ikkje nokon allmenn rett til innsyn i alle dokument i ei rettssak. I saker der eit organ som er omfatta av offentleglova er part, vil det dermed vere mange dokument som er omfatta av verkeområdet og innsynsretten etter offentleglova, men som det ikkje gjeld nokon innsynsrett for etter tvistelova. I prinsippet kan ein då oppnå større grad av innsyn ved å rette ein førespurnad til det aktuelle organet enn til domstolane/forliksrådet. Sidan offentleglova § 18 gjev generelt unntakshøve for alle dokument som eit organ utarbeider eller mottek som part i rettssak, vil neppe skilnadene bli store. Den viktigaste årsaka bak unntaket i § 18 er å unngå førehandsprosedering i media, og det vil difor ofte vere lite aktuelt å gje innsyn i dokument som kan medføre dette. Dersom det er aktuelt med unntak etter § 18, skal det alltid vurderast meirinnsyn etter offentleglova § 11, men dette er nok ikkje det området der meirinnsyn vil vere mest aktuelt. Dersom det skulle vere aktuelt med meirinnsyn, vil ei typisk årsak vere at det er gjeve innsyn i det same dokumentet i domstolane, slik at behovet for unntak ikkje er til stades. Vurderinga vil bli den same dersom det ikkje er behov for unntak av andre grunnar. 

Når det så gjeld denne konkrete saka, blir spørsmålet fyrst og fremst kva som er omfatta av unntaket i offentleglova § 18. Paragrafen opnar for å gjere unntak for ”dokument som eit organ har utarbeidd eller motteke som part i rettssak for norsk domstol”. Sjølv om forliksrådet ikkje lenger er å rekne som ein domstol, vil òg dokument i saker for forliksrådet vere omfatta av unntaket. Det er såleis krav om at det aktuelle dokumentet må ha vorte utarbeidd eller motteke i samband med rettssaka/forliksråds¬saka. Dokument som har vorte til på eit tidlegare tidspunkt, uavhengig av rettssaka, til dømes eit forvaltningsvedtak, vil derimot ikkje vere omfatta av unntaket, sjølv om dei blir gjorde til vedlegg til prosesskrift, jf. Ot. prp. nr. 102 (2004-2005) s. 140 fyrste spalte. Sidan tvistelova har innført plikt til å sende prosessvarsel før ei sak blir innleia for domstol/forliksråd, vil òg slike varsel og tilknytte dokument til det vere omfatta av unntaket.

Dei av dei oversende dokumenta som er omfatta av unntaket i § 18, er såleis sjølve forliksklaga, forkynninga av denne, prosessvarselet 3. oktober 2008 frå advokat Arnor B. Ilstad, svaret på prosessvarselet 24. oktober 2008, oversendinga 29. oktober 2008 samt utrekninga av forseinkingsrente 11. november 2008. Brevet frå advokat Ilstad 4. juli 2007 kan ikkje seiast å vere dokument organet fekk i eigenskap av å vere part i rettssak/forliksrådssak, sidan det ikkje vart følgd opp med stemning eller forliksklage, og det heller ikkje var obligatorisk med noko prosessvarsel på det aktuelle tidspunktet.

Det må vurderast meirinnsyn på vanleg måte etter offentleglova § 11 òg for desse dokumenta. Når det gjeld svaret på prosessvarselet og den påfølgjande oversendinga av dette, verkar ikkje desse å seie noko meir enn dei tidlegare dokumenta i saka, og mykje kan såleis tale for at det ikkje er noko stort behov for å gjere unntak for desse dokumenta.

Dersom det skal gjerast unntak for andre dokument enn dei som er nemnde ovanfor, må det såleis vere andre grunnlag for unntak enn offentleglova § 18. Frå vår side kan det ikkje sjåast at dei aktuelle dokumenta inneheld opplysningar som er omfatta av teieplikt, eller som det elles kan gjerast unntak frå innsyn for.

Justisdepartementet fekk 20. april eit krav om innsyn frå Skjalg Ferno i NTB i brevet frå Landbruks- og matdepartementet og vedlegga til brevet. Etter samtale med seniorrådgjevar Tor Kjøllesdal vart det gjeve innsyn i brevet frå Landbruks- og matdepartementet, i vedlegget til brev 5. desember 2008 frå forliksrådet og i all korrespondansen forut for prosessvarselet 3. oktober 2008.