Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

§ 2 - Forespørsel om vurdering etter offentleglova § 2 første ledd andre punktum – uttrykket «rettssubjekt»

Brevdato: 14.05.2019

Førespurnad om vurdering etter offentleglova § 2 første ledd andre punktum – uttrykket «rettssubjekt»


Vi viser til brev 3. mai 2019, der Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) ber om ei vurdering av korleis uttrykket «rettssubjekt» i offentleglova § 2 første ledd andre punktum skal forståast. Spørsmålet er meir presist korleis «rettssubjekt» skal forståast der fleire aksjeselskap inngår i eit konsern. Skal det forståast som det einskilde rettssubjektet, eller som aksjeselskapa samla?

Bakgrunnen er at det har oppstått spørsmål om Andøya Space Center AS, som er morselskapet i eit konsern der òg fire dotterselskap (alle aksjeselskap) inngår, fell utanfor verkeområdet til offentleglova etter unntaksføresegna i offentleglova § 2 fyrste ledd andre punktum. Vi legg til grunn at morselskapet (Andøya Space Center AS), sett isolert, i utgangspunktet fell inn under § 2 fyrste ledd bokstav c.

Det følgjer av offentleglova § 2 fyrste ledd fyrste punktum bokstav c og d at lova gjeld for høvesvis «sjølvstendige rettssubjekt der stat, fylkeskommune eller kommune direkte eller indirekte har ein eigardel som gir meir enn halvparten av røystene i det øvste organet i rettssubjektet», og «sjølvstendige rettssubjekt der stat, fylkeskommune eller kommune direkte eller indirekte har rett til å velje meir enn halvparten av medlemmene med røysterett i det øvste organet i rettssubjektet». Vidare følgjer det av Ot.prp. nr. 102 (2004–2005) side 115 at bokstav c er aktuell for verksemder som er organiserte som aksjeselskap, ansvarlege selskap eller andre selskapsformer som blir rekna som sjølvstendige rettssubjekt. Såleis er det dei enkelte sjølvstendige rettssubjekta, ikkje eit konsern eller andre former for samanslutningar av selskap, som skal vurderast opp mot kriteria i § 2 fyrste ledd fyrste punktum bokstav c. Tilsvarande gjeld etter bokstav d. Rettleiar til offentleglova side 15 til 17 gjev elles uttrykk for det same.  

Det følgjer vidare av § 2 fyrste ledd andre punktum at bokstav c og d likevel ikkje gjeld for «rettssubjekt som hovudsakleg driv næring i direkte konkurranse med og på same vilkår som private». Sitatet frå Rettleiar til offentleglova side 19, som NFD viser til, er knytt til denne vurderinga. Det går tydeleg fram på side 18 i rettleiaren at det siterte avsnittet inngår i vurderinga av om «eit rettssubjekt» er omfatta av lova eller ikkje. Uttrykket «verksemda» i det siterte avsnittet tilsvarar «eit sjølvstendig rettssubjekt», jf. andre avsnitt i punkt 3.3.2 på side 18. Det er såleis òg her spørsmål om kvart enkelt rettssubjekt er omfatta av lova eller ikkje.

Ut frå dette sluttar vi oss til standpunktet frå Sivilombodsmannen i saka, slik det er sitert i NFD sitt brev hit. Uttrykket «rettssubjekt» i offentleglova § 2 fyrste ledd andre punktum skal såleis, der fleire aksjeselskap inngår i eit konsern, forståast som det einskilde rettssubjektet, og ikkje som aksjeselskapa samla.

 

Til toppen