Kommunal- og distriktsdepartementet viser til e-post datert 25. august 2025 frå Region Nordhordaland IKS. Førespurnaden gjeld spørsmål om nestleiar kan tre inn som leiar av kontrollutvalet ved forfall frå leiar til einskildståande møte, når vedkomande høyrer til same politiske parti som kommunen sin ordførar. Departementet gjer merksam på at uttalen er på generelt grunnlag, og at det ikkje blir teke stilling til den konkrete saka.

Etter kommunelova § 23-1 andre ledd kan leiaren av eit kontrollutval ikkje vere «medlem av samme parti eller tilhøre samme gruppe som ordføreren». Spørsmålet er om dette også gjeld for nestleiar når leiar har forfall.

Kontrollutvalet er eit folkevalt organ, jf. kommunelova § 5-1, og saksbehandlingsreglane i kapittel 11 gjeld så langt ikkje anna er fastsett i lov. Det følgjer av kommunelova § 11-2 tredje ledd at folkevalde organ blir leia av nestleiar ved forfall frå leiar. For å sikre tillit til kontrollutvalet sitt arbeid og at utvalet er nøytralt og uavhengig av politisk og administrativ leiing, er det i § 23-1 avgrensingar på kven som kan veljast som medlem og leiar av utvalet. Leiar av utvalet kan ikkje vere medlem av same parti eller høyre til same gruppe som ordføraren. Avgrensinga skal sikre ein viss politisk avstand mellom ordføraren og leiaren av kontrollutvalet, men lova er taus om nestleiaren si tilknyting til ordføraren. Etter departementet si vurdering inneber dette at kommunelova ikkje er til hinder for at nestleiar kan tre inn dersom leiar har forfall ved einskildståande møte, sjølv om nestleiar er medlem av same politiske parti eller gruppe som ordføraren. Dersom leiaren av kontrollutvalet derimot går endeleg ut av organet, skal det veljast ein ny leiar, jf. § 7-10 fjerde ledd. Nestleiar blir ikkje automatisk ny leiar, og ein nestleiar som er medlem av same politiske parti eller gruppe som ordføraren kan ikkje veljast som ny leiar, jf. kommunelova § 23-1.

Departementet gjer merksam på at kommunestyret sjølv kan fastsetje ytterlegare reglar om samansetjinga av kontrollutvalet utover minimumskrava i kommunelova.