§ 32 - Klageorgan for klager over Datatilsynets vedtak etter offentleglova

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Justis- og beredskapsdepartementet

Saksnr. 12/2331 EO OKL/mk
Dato: 10.04.2013


Klageorgan for klager over Datatilsynets vedtak etter offentleglova


Vi viser til brev 19. mars 2013, der Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet (FAD) ber om ei vurdering av om FAD eller Personvernnemnda er rett klageorgan for klager over Datatilsynets vedtak etter offentleglova.

I brev til Moderniseringsdepartementet 6. desember 2004 uttala Lovavdelinga at Personvernnemnda var rett klageinstans for alle avgjerder frå Datatilsynet, utanom reint administrative avgjerder som vedtak om tilsetjing. Det vart lagt til grunn at personopplysningslova § 43 fyrste ledd fyrste ledd gjev uttrykk for ein generell regel om at Personvernnemnda er klageinstans for avgjerder frå Datatilsynet, og at dette ikkje er avgrensa til avgjerder i medhald av dei føresegnene det er vist til i personopplysnings­lova § 42 fjerde ledd fyrste punktum. Klager over manglande innsyn etter offentleglova vart i brevet nemnt som eitt av fleire eksempel på tilfelle der Personvernnemnda var rett klageinstans.  

Etter offentlegheitslova 1970 § 9 tredje ledd fyrste punktum kunne avslag på innsynskrav påklagast til det forvaltningsorganet som var nærast overordna til det som hadde gjort avslaget. Det var ikkje fastsett nokon nærare reglar om kven som var klageinstans i slike saker.

Offentleglova § 32 fyrste ledd fyrste punktum seier det same som den tidlegare føresegna i 1970-lova, men det er i § 32 fyrste ledd fjerde punktum opna for å gje forskrift om kven som skal vere klageorgan for avgjerder tekne av statlege organ. Det følgjer av offentlegforskrifta § 11 fyrste ledd at det organet som eit uavhengig forvaltningsorgan administrativt høyrer inn under, er klageinstans når det uavhengige organet har avslått eit innsynskrav.

I kongeleg resolusjon 17. oktober 2008, som låg til grunn for offentlegforskrifta, er det på side 94 sagt at slike uavhengige organ typisk vil vere statlege tilsyn og ombod, som Barneombodet og Likestillings- og diskrimineringsombodet. Vi legg til grunn at Datatilsynet òg er å rekne som eit slikt uavhengig organ.

Klageinstansen vil etter denne føresegna vere det organet Datatilsynet administrativt høyrer inn under. Personopplysningslova §§ 42 og 43 er utarbeidd med tanke på avgjerder frå Datatilsynet generelt, medan føresegnene i offentleglova § 32 fyrste ledd fjerde punktum og offentlegforskrifta § 11 fyrste ledd er meint å regulere kven som skal vere klageinstans for avgjerder frå uavhengige forvaltningsorgan i innsynssaker. Vi ser ikkje haldepunkt for at dette skal stille seg annleis for avgjerder frå Datatilsynet enn for avgjerder frå andre uavhengige forvaltningsorgan.

Vi nemner at organet som vil vere klageinstans etter offentlegforskrifta § 11 fyrste ledd, vil kunne delegere dette ansvaret til eit underordna organ. Slik delegering vil berre kunne skje innanfor det vanlege høvet til delegering innanfor forvaltningsretten, men det er heller ikkje noko som tilseier at dette høvet er mindre i innsynssaker enn elles. Vi viser her til kongeleg resolusjon 17. oktober 2008 side 95, der det går fram at det er høve til delegering òg i klagesaker etter offentleglova. Det er vidare gjeve uttrykk for kva for organ det kan delegerast til. Delegering kan såleis berre skje til underordna organ som er underlagde organet som står for delegeringa. Noko anna vil krevje særleg heimel.