§ 32 - Korleis handsame klage over avslag på innsyn når innsyn alt er nekta i same dokument

Saksnr. 12/6800 EO OKL/mk
Dato: 26.07.2013

 

Hvordan behandle klage over avslag på krav om innsyn når innsyn alt er nekta i same dokument?


Vi viser til brev 3. oktober 2012, der Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet (FAD) ber om ei vurdering frå Lovavdelinga når det gjeld reglane for handsaming av klager over avslag på innsyn. Bakgrunnen er at FAD tidlegare har nekta innsyn i et dokument. Avslaget vart påklaga, men oppretthalde av FAD og seinare av Kongen i statsråd. Seinare kravde ein annan person innsyn i same dokument, og FAD har avslått òg dette kravet. Denne saka vart òg påklaga, og FAD sto fast ved avgjerda om å nekte innsyn. Spørsmålet er så om det må fremjast ny klagesak for Kongen i statsråd, eller om det kan visast til at spørsmålet alt er handsama av klageinstansen.

Vår vurdering av spørsmålet er basert på dei opplysningane som går fram av FAD sitt brev og opplysningar innhenta på telefon. Spørsmålet er dessutan stilt under føresetnad av at det ikkje har kome fram nye argument i saka etter klagehandsaminga for Kongen i statsråd.                    

Etter offentleglova § 32 fyrste ledd fyrste punktum kan det klagast over «avgjerder etter denne lova». Dette omfattar avslag på innsynskrav. I slike saker gjeld klagereglane i forvaltningsreglane kapittel VI så langt dei passar, jf. offentleglova § 32 tredje ledd andre punktum. Den som har fått avslag på krav om partsinnsyn etter forvaltningslova, kan etter forvaltningslova § 21 andre ledd fyrste punktum påklage dette etter reglane i kapittel VI. For departementa er Kongen i statsråd klageinstans.

Vi kan ikkje sjå at det ligg føre noko grunnlag for å tolke føresegnene om klagerett innskrenkande for tilfella der klageinstansen tidligere har handsama spørsmålet om innsyn i det same dokumentet frå ein annan klagar. Dette må gjelde sjølv om det etter underinstansen si vurdering ikkje har kome fram nye opplysningar eller argument i saka sidan klagehandsaminga i den førre klagesaka. Klageinstansen kan ha ei anna oppfatning enn underinstansen av om det ligg føre nye opplysningar som tilseier innsyn, og slike nye opplysningar kan òg kome til medan saka er under handsaming. Klageinstansen kan elles endre oppfatning av innsynsspørsmålet utan at det ligg føre nye argument eller opplysningar. Til dømes kan dei momenta som tilsa unntak i den fyrste saka, bli vurdert som mindre viktige i den nye saka.

Vår vurdering er såleis at FAD må fremje klagesak for Kongen i statsråd på vanleg måte, sjølv om tilsvarande spørsmål har vore oppe tidlegare. Saka vil elles ikkje vere handsama av klageinstansen slik lova krev.

Dette er derimot ikkje til hinder for at den nye klagesaka vil kunne handsamast noko enklare enn den fyrste. Det vil vere høve til å vise til vurderingane frå den fyrste saka, og dersom ein finn at føresetnadene ikkje har endra seg, vil ein langt på veg kunne byggje på desse vurderingane i den nye saka, utan å gå inn på nye vurderingar. Dette må likevel skje innanfor rammene i forvaltningslova § 33 femte ledd fyrste punktum, jf. § 17 fyrste ledd fyrste punktum.