§ 6 - Tolking av forvaltingslova § 6 tredje ledd - habilitet for administrerande direktør i GIEK når styreleiar er inhabil

Brevdato: 31.08.2018

Tolking av forvaltingslova § 6 tredje ledd – habilitet for administrerande direktør i GIEK når styreleiar er inhabil

1. Innleiing og bakgrunn

Me viser til brev frå Nærings- og fiskeridepartementet 6. februar 2018, der det blir bede om ei vurdering av korleis forvaltingslova skal tolkast for administrerande direktør i GIEK i saker der styreleiar er inhabil.

GIEK er ein statlig forvaltingsbedrift med styre utnemnd av Nærings- og fiskeridepartementet. Oppgåve- og ansvarsdelinga mellom departementet, styret og administrerande direktør går fram av Nærings- og fiskeridepartementet sin Hovedinstruks for Garantiinstituttet for eksportkreditt 1. januar 2018. Det følgjer av punkt 4.2.1 i hovudinstruksen at styret har ansvaret for å tilsette administrerande direktør og fastsetje instruks for stillinga. Vidare går det fram av punkt 4.2.2 at administrerande direktør skal stå for leiinga av den daglege drifta i samsvar med dei retningsliner og pålegg som styret gir. I tråd med krav i hovudinstruksen har styret fastsett fullmakter og instruks for administrerande direktør.

Styreleiaren i GIEK har etter det opplyste erklært seg inhabil i «beslutningssaker» knytta til eit bestemt selskap der ho på det aktuelle tidspunktet var styremedlem. I medhald av forvaltingslova § 6 tredje ledd, har administrerande direktør også erklært seg inhabil, idet ho oppfattar styreleiar som sin overordna. I ettertid har styreleiaren trekt seg frå det andre styret. GIEK og NFD har likevel bede om ei generell vurdering av korleis forvaltingslova skal tolkast i saker der styreleiar er inhabil.

2. Lovavdelinga si vurdering

Eit viktig føremål med habilitetsreglane er å sikre korrekte forvaltingsavgjersler, oppretthalde allmennheita si tillit til avgjerslene og verne avgjerdstakarar mot at det vert sådd tvil om deira truverd. Forvaltingslova § 6 tredje ledd gir difor reglar om såkalla avleidd inhabilitet for å hindre at tilknytinga mellom ein overordna og underordna tenestemann påverkar utfallet av ei forvaltingssak. Føresegna lyder som følgjer:

«Er den overordnede tjenestemann ugild, kan avgjørelse i saken heller ikke treffes av en direkte underordnet tjenestemann i samme forvaltningsorgan.»

Vurderinga av kva som utgjer ein «direkte underordnet tjenestemann», må gjerast i lys av dei omsyna som grunngjev regelen. I juridisk teori er det lagt til grunn at avleidd inhabilitet berre gjer seg gjeldande der den overordna formelt og reelt har myndigheit til å instruere og på annan måte påverke den underordna si avgjersle, jf. til dømes Woxholth: Forvaltningsloven med kommentarer (5. utgåve, 2011) s. 201. Administrerande direktør i GIEK blir formelt ikkje instruert av styreleiar åleine, men av styret som heilskap, sjå hovudinstruksen til GIEK punkt 4.2.2. Dette inneber etter vårt syn at administrerande direktør i GIEK ikkje er «direkte underordnet tjenestemann» av styreleiar når det gjeld dei alminnelege styresakene. Forvaltningslova § 6 tredje ledd om avleidd inhabilitet vil dermed ikkje føre til at administrerande direktør blir inhabil som ei følgje av at styreleiaren er inhabil.

På den andre sida vil forholdet mellom administrerande direktør og styreleiar kunne bli nærare enn forholdet mellom administrerande direktør og dei øvrige styremedlemmene elles. Skal nærleiken mellom administrerande direktør og styreleiar medføre inhabilitet må det rettslege grunnlaget vere § 6 andre ledd. Eit vanleg godt samarbeid mellom administrerande direktør og styreleiar vil uansett ikkje i seg sjølv vere tilstrekkeleg til å medføre inhabilitet etter andre ledd.